Tenkeskriving - ulike skriveøvingar

Ein oppgåvebank for ulike skriveoppdrag.

Til hjelp for lærarar og elevar blei det laga eit oversyn over aktuelle skriveøvingar, kalla «Ulike skriveoppdrag». Nokre av desse er det Torlaug Løkensgard Hoel i førelesinga si kalla tankeskriving, utforskande skriving som steg på vegen mot å gjere seg opp ei eiga meining om ein litterært tekst, skjønnlitterær eller sakprosa. Andre er meir slike som Hoel kallar presentasjonsskriving, elevtekstar som vert vurdert av lærar.

Skriveoppdraga som lærarane og elevane i prosjektet arbeidde med var desse:

Spontane reaksjonar:
umiddelbare personleg reaksjonar etter lesing eller oppleving av film.

Skrive vidare på tekst:
eleven skriv vidare på ein tekst, utviklar handling og personar. Eller han kan skrive vidare etter å ha fått presentert byrjinga av ein ferdig tekst.

Streke under viktige ord i ein tekst:
som innleiing til samtale om ein tekst: elevane les opp dei understreka orda (i grupper eller plenum), som i påfølgjande samtale vert utgangspunkt for tankar kring både form og innhald.

Vurdering av tekst:
eleven tek stilling til kvalitet, i form av ein rein subjektiv verdidom eller ei vurdering bygt på fagleg grunngjeving.

Refleksjon over tekst:
eleven drøftar, kritiserer, tek stilling til spørsmål teksten tek opp eller til den forma forfattaren har valt.

Omorganisere tekst:
ved slike øvingar kan eleven endre rekkefølgja av handlingselement, endre synsvinkel i skjønnlitterære tekster, skrive ny avslutning etc.

Presentere tekst:
kunne gjere greie for forfattar, medium, formål, mottakargruppe etc på ein smidig måte.

Analysere:
nærlese teksten, ei heilskapleg tilnærming til tekst – der eleven gjer greie for verkemiddel i teksten og den funksjonen dei har. Kan gjerne ende opp med ei tolking.

Eigenvurdering:
vurdere eige skriftleg produkt.

Resymé: 
ei viktig øving for mange elevar: utvikle evna til å skrive eit kortfatta samandrag som viser at han/ho har forstått teksten.

Forklare innhald:
vise med eigne ord at eleven har forstått hovudpoeng/-hovudinnhald i tekst.

Tekst og kontekst: 
kontekst og tekst: kunne knyte samband mellom tekst og teori, tekst og tid, tekst og liner.

Føremålet med skriveoppdraga kan vere ulike: ein skriv som innleiing til samtale i gruppe eller plenum, for å opne opp tekstar, førebu presentasjonsskriving, klargjere / utvikle tankar etc.

Prosjektet prøvde ut flere ideer til undervisningsopplegg. Her kan du lese og bli inspirert fra et knippe av disse.

Tema og skrivehandling:

Tema Skrivehandling
Overgangen mellom barokken og opplysningstida «Du er-oppgåve/rollespel»
Holberg i moderne kontekst Understeke ord for samtale og repetisjon
Synnøve Solbakken «Du er oppgåve/rollespel»
Henrik Ibsen Tverrfagleg undervisningsopplegg i fleire ledd
True Blood (TV-serie) Analyse av samansett tekst med observasjonsskjema
Språk er makt Spontanskriving
Fosse-tekstane Skriving etter mønstertekst
Lyrikk Utforskande skriving
Til toppen