Korleis kan ein løfte fram barnehagens ulike målformar?

Eit godt døme på repetert lesing og korleis ein kan formidla bøker.

I ny rammeplan for barnehager fremmes det at alle barn skal møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, reglar, songar, litteratur og tekstar (Rammeplan 2017, s. 30). Ved å bruke nynorkske  bøker til høgtlesing for alle barn i barnehagen gjer vi dei muligheiten til å utvide si eige forståing av språk  og språkkompetansen utviklar seg. Det handlar om å bade dei i eit mangfold av språk og språkformar kvar dag.

I Ølensjøen FUS barnehage har dei tilsette forstått verdien av å formidla bøker om igjen, og til glede for barna finn dei vaksne nye og spennande måtar å fortelja historia på. Barn elskar repetisjon, og repetisjon er òg nødvendig for språklæringa. For kvar gong ei bok blir formidla om igjen, møter barna språket på ny. Dei får bekrefta det dei veit, dei får bruka språket og dei får utvida erfaringane sine.

I denne filmen får me sjå og høyra om korleis boka blir levande gjennom dramatisering og bruk av konkretar.


 

Refleksjonsspørsmål

  • Korleis tar din barnehage i bruk ulike språk og språkformar som ein del av det daglege språkarbeidet?
  • Kva kan du gjere for å ivareta det språklege mangfoldet i din barnehage?

Les også: 
Mopp og Mikko elskar dyr av Kari Stai
Lærer med ”Mopp og Mikko”
Repetert lesing

Ressursen er laga av Lesesenteret i Stavanger og Ølensjøen FUS barnehage.

Rammeplan for barnehagen 2017. Kunnskapsdepartementet.

Til toppen