Skriving som reiskap for læring er dårleg utnytta i skolen. Tradisjonen er å la elevane skrive for å vise kva dei har lært. Arbeidsmåtar som nyttar både skriving og lesing parallelt, gjer elevane til gode skrivarar og lesarar. Dette er hovudtanken i prosjektet «Skrive seg vegar inn i tekst».
Uformell og utforskande skriving opnar opp tekstar og krev aktiv deltaking frå alle. Skrivinga er og førebuing til ein klassesamtale der alle potensielle stemmer blir hørt, og der ein utviklar kunnskap saman. Dessutan får elevane øving i å formulere eigne tankar utan at læraren skal vurdere skrivinga med karakter..
Dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving og munnleg har kvart sitt avsnitt i læreplanane. I prosjektet ser vi dei grunnleggande ferdigheitene som delar av ein samansett og heilskapleg kompetanse. Dei grunnleggande ferdigheitene er sjølve limet i læreplanane og ein integrert del av alle kompetansemåla. Desse ferdigheitene, som læreplanen kallar grunnleggande, er og eit kompass som syner oss ei retning for undervisninga. Den beste norskundervisninga tek utgangspunkt i desse ferdigheitene som både mål og metode.
I prosjektet blir tradisjonell tekstlesing supplert med uformelle skriveoppgåver. I møte med tekstar får elevane ulike skriveoppdrag: frå spontane reaksjonar, utforma som personlege uttrykk, via presentasjonar/ resymé og forklaringar til kritisk vurdering og forsøk på å finne samanheng mellom tekstar og tid, tekst og teori.
