Å vurdere elevane sin norskfaglege kompetanse

Denne ressursen nyttar døme frå fire resonnerande og kreative tekstar til eksamen våren 2020.

Denne ressursen viser korleis vi kan vurdere eleven sin norskfaglege kompetanse slik den kjem til uttrykk i resonnerande og kreative tekstar. Vi har tatt utgangspunkt i fire eksamenstekstar frå våren 2020, to av dei frå hovudmålseksamen og to frå sidemålseksamen. 

Sjølv om vi har fått ei fornya læreplan, er det fortsatt to år til den gjeldande læreplanen i norsk er heilt fasa ut. I LK06 står det at elevane skal skrive kreative og resonnerande tekstar på både hovudmålet og sidemålet sitt. Å få auge på den heilskapelege norskfaglege kompetansen til eleven kan vere ei utfordring. Eleven skal vise at han har forstått dei aktuelle tekstvedlegga, han skal vise norskfagleg kunnskap og forståing, og han skal vise dette gjennom den skriftlige kompetansen han har. Dei ulike teksttypane krev og at eleven kan vise kreativitet på forskjellige måtar, og at han kan resonnere og reflektere på ein fagleg relevant måte. 


Resonnerande tekstar

Resonnerande tekst er ein vanleg sjanger å møte på norskeksamen. Å skrive ein resonnerande tekst vil seie at eleven skal drøfte ulike sider ved ei sak for å kunne ta stilling til ho, eller han skal reflektere over eit emne eller ei problemstilling. I den resonnerande oppgåva på sidemålseksamen for våren 2020 er desse kompetansemåla aktuelle:

Eleven skal

  • referere til og vurdere kjelder i aktuelle faglege situasjonar
  • skrive kreative, informative og resonnerande tekstar, litterære tolkingar og retoriske analysar på hovudmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglege tekstar
  • gjere greie for særtrekk ved eit utval norske talemålsvariantar og reflektere over tilhøve som kan påverke utviklinga av talemål
  • gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå år 1900 til i dag

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit vurderingsskjema som sensorane skal bruke når dei vurderer eksamenssvara i norsk hovudmål og norsk sidemål. Dette vurderingsskjemaet med kriterie for måloppnåing har ni kategoriar for resonnerande tekstar. 

Karakteren 5 eller 6:

  • har formålstenleg struktur og god samanheng 
  • har relevante moment og/eller eksempel, med god breidde 
  • gjer greie for faglege emne på ein presis måte
  • formulerer hovudsyn presist
  • argumenterer sakleg, på ein overtydande måte 
  • har klare resonnement, viser evne til å drøfte eit emne sakleg og nyansert 
  • har poengterte oppsum­meringar eller konklusjonar
  • viser svært god evne til refleksjon
  • bruker eventuelle kjelder relevant, etterprøvbart og sjølvstendig

Eksamensoppgåva og oppgåvekommentaren
Langsvarsoppgåva er ofte to- eller tredelt, og det er viktig å svare på alle delar av oppgåva. Oppgåva kan til dømes be eleven om å formulere hovudsynet eller nokre synspunkt i eitt eller fleire tekstvedlegg og kommentere dette/desse, og det kan og vere ein tredje del, som ber om ei meir sjøvstendig vurdering. Oppgåvekommentaren spesifiserer kva ein forventar frå eleven sitt svar, og ofte blir det presisert at relevant fagspråk er viktig. 

Resonnerande tekst 1

Oppgåvetekst: I Noreg har vi to offisielle skriftspråk og ei rekke valfrie former i både bokmål og nynorsk. Skriv ein resonnerande tekst der du greier ut om den språklege valfridommen i norsk skriftspråk i dag og reflekter over kvifor vi har ein slik fridom. Bruk eksempel frå dei vedlagde tekstane. Kommentar: I denne oppgåva skal du bruke kunnskap du har om norsk språkpolitikk og språkdebatt, og reflektere på ein sjølvstendig måte. Du skal bruke eksempel frå dei vedlagde tekstane, og du kan også trekkje inn andre eksempel du kjenner. 

Dette svaret fekk karakteren 5 på eksamen. Den samla norskfaglege kompetansen er mykje god. Eleven viser god lesekompetanse, skrivekompetanse og fagleg kompetanse, mellom anna ved å bruke kjelder og fagkunnskap på ein relevant måte.  Eksamenssvaret har eit presist fagspråk. Teksten viser at eleven meistrar formverket og har god formell dugleik. Eksamenssvaret kunne ha hatt betre struktur i både kortsvaret og langsvaret. Det er ikkje alt i langsvaret som er like relevant for det som oppgåva ber om. Likevel viser denne eleven så god fagkunnskap og skrivedugleik, at det er urimeleg med karakteren 4. Vurdering av resonnerande tekstar nyttar dette vurderingsskjemaet som utgangspunkt.

Resonnerande tekst 2

Dette svaret fekk karakteren 6 på eksamen. Den samla norskfaglege kompetansen er særs god. Eleven viser særleg god lesekompetanse, skrivekompetanse og fagleg kompetanse, mellom anna ved å ha god struktur i båe tekstane, ved å bruke kjelder og fagkunnskap på ein relevant og sjølvstendig måte. Teksten har god språkleg presisjon. Eleven meistrar formverket særs godt og viser god formell dugleik.

 

Kreative tekstar 

Kreative tekstar kan vere vanskeleg å vurdere, då det gjerne er uklårt kva som ligg i omgrepet «kreativ», og det kan og vere utfordrande å få auge på dei kreative grepa i eleven sin tekst. 

Ein god kreativ tekst skal ta i bruk dei vedlagte tekstane på ein kreativ og sjølvstendig måte, og teksten skal ha med relevante moment som viser ei viss breidde. Innfallsvinkelen på teksten kan vere original eller uventa, og slik syne kreativitet. Gjennom teksten kan ein til dømes sjå at verkemiddel blir brukt på ein gjennomført måte til å utvikle motiv, tematikk, miljø eller hendingar. Generelt skal teksten og vere hensiktsmessig strukturert, slik at teksten har god samanheng. I den kreative teksten blir det og forventa at eleven reflekterer, utforskar og prøver ut tankar på ein sjølvstendig måte, slik at han svarer på det oppgåva ber om.

Oppgåvetekst: Menneske har alltid fortalt kvarandre historier i ulike former, for eksempel sagaer, eventyr, romanar, filmar, tv-seriar og dataspel. Skriv ein kreativ tekst der du utforskar kvifor forteljingar kan ha stor betydning for menneske. Kommentar: Oppgåva opnar for ulike løysingar. Du kan vise kreativitet gjennom dei innfallsvinklane du vel, og måten du bruker språket på. Du skal bruke tankar og idear frå minst to av vedlegga. Du kan også bruke andre tekstar du kjenner. 

Her har vi lagt ved to døme på kreative tekstar. Den eine blei vurdert til karakteren 3, mens den andre blei vurdert til karakteren 4. Ver merksam på at karakteren skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen som kjem fram i både kortsvaret og langsvaret. I dei kommenterte versjonane beskriv vi den heilskapelege norskfaglege kompetansen som kjem til syne i tekstane, i tillegg til at vi kommenterer konkrete poeng i teksten. Desse tekstane og kommentarane kan de bruke for å diskutere kva vi har lagt vekt på i vurderinga, og kva for språk vi bruker for å kommunisere dette. Dei to kreative tekstane ligg også ved utan kommentar. Dei ukommenterte filane kan de bruke som utgangspunkt for vurdering i fellesskap med andre lærarar, men dei kan og brukast i klasserommet med elevane, som utgangspunkt for diskusjon rundt kreative tekstar. Vurdering av kreative tekstar nyttar dette vurderingsskjemaet som utgangspunkt.
 

Kreativ tekst 1

Kreativ tekst 2

Til toppen