Tidleg start med nynorsk

Ein tidleg start med lesing og skriving på nynorsk bidrar til betre utvikling i skriving på både nynorsk og bokmål.

Den nye læreplanen gjer det tydeleg at ein skal undervise i sidemål tidleg. I den reviderte læreplanen er hovudmål og sidemål tekne inn i kompetansemåla allereie frå femte årstrinn. Elevane skal no kunne skrive enkle tekster på sidemål etter sjuande årstrinn.

Nynorsksenteret har ei rekke ressursar for elevar med bokmål som hovudmål. På sidene deira for barnetrinnet finn du ressursar, opplegg og tips som legg særleg vekt på arbeid med nynorsk tekst og språk.

Tips til nye nynorske bøker og teikneseriar (Nynorsksenteret)

Tidleg start med nynorsk (Nynorsksenteret)

Skriving i alle fag (Nynorsksenteret)

Undervisningseksempel (veiledning til revidert læreplan)

Til toppen