Tenkjeskriving på vidaregående - skrive for å lære

Tenkjeskriving er ei uformell, utforskande form for skriving der føremålet er å reflektere, få idear eller arbeide seg gjennom eit fagstoff.

Dette kan derfor vere ein fin innfallsvinkel eller arbeidsmetode i mange fag på alle trinn. Ein brukar skrivinga som ein tenkjereiskap, ein læringsstrategi, der skriveprosessen er eit mål i seg sjølv, og ikkje sluttproduktet.

Dei fleste skriveforskarar ser i dag på skriving som ein utviklingsprosess, og ikkje som ei overføring av ferdig tenkte og ferdig formulerte tankar til papiret eller skjermen. Mange har nok også opplevd at dei har sett i gang å skrive før dei har visst nøyaktig kva dei meiner eller tenkjer, og opplevd at dei gjennom skriveprosessen har funne ut kva dei ønskjer å uttrykkje - og korleis.

Sjølv om mange elevar i vidaregåande skole er bevisste på å bruke skriving som ein læringsstrategi og dermed kan gjere det på eige initiativ, så er det viktig at ein også set av tid til slike aktivitetar i løpet av skoledagen. Dysthe m.fl. skriv følgjande i boka Skrive for å lære:

«Skriving fører til dybdelæring i stedet for overflatisk læring og hjelper oss til å gjøre fagstoffet til vårt eget. Skriving kan føre til ny erkjennelse og innsikt, skriving er altså en viktig læringsstrategi» (2010: 10).

Når vi skriv for å lære, set vi andre krav til tekstane enn når vi skriv for å presentere noko. Det er eit viktig trekk med desse tenkjeskrivingstekstane at dei ikkje er retta mot andre lesarar enn skrivaren sjølv. Det handlar om å gi rom for nye tankar og idear, refleksjon og kreativitet, og ikkje om å produsere ein best mogleg tekst. Elevane skriv for å lage oversikt og sortere tankar, og for å formulere seg gjennom idear, utan å ta særleg omsyn til at ein mottakar skal forstå eller få utbytte av det dei har skrive. Poenget er at skrivaren skal sleppe å tenkje på sjangerkrav, rettskriving og form, og berre konsentrere seg om innhaldet og arbeide med eigne tankar.

Sjølv om denne forma for skriving ikkje har ein mottakar i utgangspunktet, så kan ein ofte få meir ut av denne arbeidsforma når teksten blir brukt vidare og ikkje stoppar hos skrivaren. Eit døme på slik vidareutvikling er at elevane les sine eigne tekstar i små grupper med to-tre medelevar. Da får skrivaren «lytte til eigne tankar», og han får samtidig innblikk i tankane til medelevane.

Tips til oppgåver:

Under er det lista tre døme på tenkjeskrivingsoppgåver. Felles for desse oppgåvene er at:

  • dei kan gjerast som ein integrert del av undervisinga
  • dei treng ikkje å ta så mye tid
  • dei knyter saman arbeid med skriving og arbeid med fag
  • dei kan brukast som førebuing til både skriving og lesing


Skrive seg inn på eit tema

Ein god strategi for å mobilisere førekunnskapar og førebu elevane på eit bestemt tema, er å få dei til å skrive seg inn på temaet for undervisninga. Skriveoppgåva kan til dømes formulerast slik: «skriv alt du kan komme på om…» eller «skriv alt du veit/trur du veit, og alt du vil vite om…». Viss temaet for undervisinga er islam, så kan ein til dømes be elevane skrive ned alt det dei veit om denne religionen på tre til fem minutt. Dette er ein type tekst som egnar seg godt for først å dele med ein til to medelevar og deretter velje ut noko som kan delast med heile gruppa. På denne måten blir tenkjeskrivinga både ein metode for å arbeide seg inn i eit tema, samtidig som det dannar grunnlag for munnleg aktivitet i klassen.


Oppsummerande skriving

Ei innleiande skriveoppgåve kan godt kombinerast med oppsummerande skriving. Ei oppsummerande skriveoppgåve kan til dømes be elevane om å svare på følgjande: «Kva har du lagt spesielt merke til?» eller «Kva for tankar gjer du deg om…?» eller «Er det noko du ikkje forstår?» Med ei slik skriveoppgåve blir elevane tvinga til å reflektere rundt kva dei sit igjen med etter undervisningsøkta, og dei kan også skaffe seg gode notatar til seinare bruk.


Miniskriving ut frå fagtekst eller artikkel

Mange elevar synest det er tungt å arbeide med fagstoff, og særleg å skulle ta stilling til og reflektere rundt innhaldet. Da kan ei kort skriveoppgåve med utgangspunkt i eit kapittel i ei lærebok eller eventuelt ein artikkel frå ei avis eller eit tidsskrift vere til god hjelp. Denne oppgåva kan til dømes formulerast slik: «Ta utgangspunkt i noko i teksten som du synest er viktig, interessant, merkeleg, provoserande, noko du er skeptisk til, noko du ikkje forstår» eller «Eg synest dette er … fordi …» Med ei slik formulering må elevane velje ut og grunngi dei vala dei tar, noko som opnar for refleksjon, spørsmål og undring. Dette er ei oppgåve som både handlar om å skrive for å lære, og om å førbu fagtekstskriving.

Til toppen