Tekstskaping og avis i barnehagen

Tekstskaping er ein aktivitet som ein kan variere på mange måtar. Bergetippen barnehage har funne sin variant.

Å lage avis saman med barna er ei form for felles tekstskaping. Tekstskaping er ein vaksenleidd aktivitet der barna får samtale om noko dei er opptekne av, og saman skrive ned ein tekst om dette temaet. Det fine med denne typen aktivitetar er at barna lærer av kvarandre og får oppleve at det å skrive og lese er meiningsfulle aktivitetar.

Nynorsksenteret har laga ein ressurs der dei presenterer korleis Bergetippen barnehage jobbar med å lage avis saman med barna.

Til toppen