Skriving i Historie og filosofi på vidaregåande skule

I desse undervisningsopplegga skal elevane trene på dei ulike skrivehandlingane «gjere greie for», «drøft» og «drøft og ta stilling til». 

Døma er henta frå arbeid med følgjande hovudområde i Historie og filosofi 1: oldtid, antikken, middelalder og renessanse. I tillegg inneheld ressursen arbeid med ei eksamensoppgåve i Historie og filosofi 2.
 

Skrive for å lære. Lære å skrive.

Læreplanen i Historie og filosofi syner at elevane må lære seg både å presentere og å drøfte fagstoff og å bruke fagomgrep og historisk materiale i dei skriftlege framstillingane sine.

For mange av elevane som har valt programfaget Historie og filosofi, vert dessutan læringsarbeidet avslutta med ein skriftleg sentralgitt eksamen i vg3. Her skal dei svare på ei kompleks skriveoppgåve i form av «ein samanhengande tekst».  I videoen under kan du sjå korleis ein kan arbeide systematisk med å la elevane skrive seg inn i skriftkulturen til Historie- og filosofifaget.

Sjå videoføredrag om skriving i Historie og filosofi

 

Undervisningsopplegget

Her finn du skriveoppgåver, skriverammer og andre ressursar som blir brukt i videoen over. 

Last ned opplegget her.


 

Denne ressursen er utarbeidet av Irene Brendehaug ved Tertnes vidaregåande skule i Åsane.

Til toppen