Skrivestartarar som skriveinspirasjon

I denne ressursen finn de nokre skrivestartarar som kan inspirere elevane til å skrive kreative tekstar.

Før vi startar å skrive er arket blankt, og for mange elevar kan det blanke arket vere skremmande å gi seg i kast med. Ein konkret skrivestartar kan vere ei god støtte for elevane. Den amerikanske pedagogen Kelly Gallagher seier at skrivarar treng å trene på skriving, på lik linje med malaren som treng å trene på maleteknikk og basketspelaren som treng trening i ballteknikk.

Writers need a place to play with writing  

                                                                              (Gallagher, 2006)

For å bli gode skrivarar må vi altså la elevane skrive mykje. Mange skular har gode rutinar for å la elevane lese kvar dag (lesekvart). På det viset får elevane trent "lesemuskelen". Kva med å setje i verk skrivekvartar, der elevane  får høve til å trene "skrivemuskelen"? Skriveoppgåvene kan gjerne vere her-og-no-oppgåver som elevane kan dele med kvarandre. Desse oppgåvene kan òg inngå som del av ei større skriveoppgåve der elevane får vidareutvikle tekstane sine. Skrivestartarar med personlege vinklingar og konkrete oppgåver knytta til detaljar og situasjonar, kan gi inspirasjon til skriving. Her er nokre døme på slike skrivestartarar:

Skrivestartarar (nynorsk)

Skrivestartere (bokmål)

 

 

Litteratur

Dahle, G og Wold, K. (2005). Velkommen til språket. Skriveøvelser for lærere, elever og andre skrivelystne. Oslo: Cappelen. Akademisk forlag.

Gallagher, K. (2006).Teaching Adolescent Writers. ​Portland, Maine: Stenhouse Publiser

Til toppen