Skrivehjulet

Skrivehjulet er teoretisk forankra i ei funksjonell forståing av skriving: Kva kan vi gjere med skrift, og kva kan vi oppnå gjennom skriving?

Bakgrunn

I 2003 blei det sett saman ei ekspertgruppe for å utvikle nasjonale skriveprøver, basert på ei ny forståing av skriving – som grunnleggjande ferdigheit på tvers av fag. Gruppa bestod av Ragnar Thygesen, Lars Sigfred Evensen, Kjell Lars Berge, Wenche Vagle og Rolf Fasting. Då dei skulle definere kva skriving og skriveferdigheit er, var det skrivinga sin funksjon som blei lagt til grunn. Ut frå det vi veit om grunnleggjande eigenskapar ved skrift og det historiske opphavet til skriving, utarbeidde gruppa den visuelle modellen Skrivehjulet (les meir i Berge 2005 og Evensen 2010). Modellen er vidareutvikla sidan 2009 gjennom Skrivesenteret sitt arbeid med læringsstøttande prøver i skriving og i Normprosjektet.

Modellen i si noverande form visualiserer skrivinga sin funksjon som eit samspel mellom handlingar og formåla deira og kan vere ein nyttig tankemodell for å få ei brei forståing av skriving.

Fig. 1 Framheving av funksjonelle sider av skriving


Skrivehandlingar og formål

Den ytre sirkelen i Skrivehjulet viser seks ulike skrivehandlingar: å samhandle, å reflektere, å beskrive, å utforske, å sjå for seg og å overtyde. Ulike skrivehandlingar kan vere hensiktsmessige for ulike formål. I figur 1 viser den midtre sirkelen dei formåla som handlingane vanlegvis blir knytte til. Men som dei små pilene på sida av hjulet viser, er modellen dynamisk: Den ytre sirkelen kan dreiast, og dermed kan ulike handlingar og formål kombinerast etter behov. Slik kan vi få fram mindre vanlege og opplagde koplingar mellom skrivehandlingar og formål. Ein tekst der du beskriv dei indre organa i kroppen og kva oppgåver organa har, kan ha som formål å organisere og lagre kunnskap. Men beskrivande tekstar kan òg ha andre formål. Til dømes kan ei beskriving av kva som skjer med ei lunge når ein røykjer, ha som formål å påverke lesarar til å stumpe røyken. 

Fig. 2 Framheving av skriftlege meiningsressursar


Skrift som uttrykksmiddel

I den nest inste sirkelen i figur 2 er dei skriftlege medieringsressursane framheva. Dette er den «skriftlege verktøykassa» som mellom anna rommar tekstoppbygging, grammatikk, ordforråd og dei materielle reiskapane ein treng for å gjere det skrivne tilgjengeleg for ein lesar. Desse ressursane kan brukast på tvers av skrivehandlingane på ein slik måte at dei best mogleg tener koplinga mellom handling og formål. Vi bruker til dømes eit anna ordforråd og ein annan språkleg stil i eit formelt brev til rektor enn i eit brev til bestemor og bestefar. 


Skriftleg mediering

Den inste sirkelen i Skrivehjulet, navet, fangar skrifta sine grunneigenskapar. Medan tale i eit historisk perspektiv er flyktig, er skrift varig. Når vi skriv, kan vi kommunisere med andre på tvers av lange avstandar, og ein tekst blir som oftast skriven og lesen på ulike tidspunkt (Evensen, 2010).

Skrivehjulet må forståast i lys av dei kontekstene skrivinga er en del av. Difor er kulturkontekstar og situasjonskontekstar plasserte utanfor sjølve hjulet. Innanfor ulike kulturkontekstar vil det over tid bli utvikla bestemte mønster for kva ein kan forvente i ein kommunikasjonssituasjon, det vi kan kalle sjangrar. I opplæringa vil funksjonane skrivinga har (handlingar og formåla deira) over tid invitere elevar til å ta ulike sjangrar i bruk, som tilgjengelege svar på dei utfordringane elevar står overfor. Til dømes vil jobbsøknad-sjangeren truleg vere det mest hensiktsmessige «mønsteret» å ta i bruk om skrivaren har som formål å påverke ein arbeidsgjevar til å tilsetje han. 


Kva kan Skrivehjulet brukast til?

Skrivehjulet kan hjelpe oss med å sjå ulike sider ved skriving, og kva skriving kan brukast til i samfunnet og i opplæringa. Modellen har lagt føringar for læreplanen og utviklinga av læringsstøttande prøver i skriving (Skriveprøva). Dermed kan vi seie at Skrivehjulet seier noko om korleis vi kan jobbe med skriving som grunnleggjande ferdigheit. Skulen skal førebu elevane til arbeid og samfunnsliv gjennom skriveopplæring som dekkjer ulike tekstkulturar og skriveformål.

Skulen skal førebu elevane til arbeid og samfunnsliv gjennom skriveopplæring som dekkjer ulike tekstkulturar og skriveformål.

Sjølv om Skrivehjulet ikkje er ein fullstendig didaktisk modell, kan modellen brukast som utgangspunkt når lærarar planlegg og vurderer skriving. I Normprosjektet blir modellen mellom anna brukt til dette. Forskingsprosjektet bygger på Skrivehjulet, og modellen gir metodiske føringar for arbeidet på prosjektskulane (Solheim og Matre 2014). I SKRIV-prosjektet (2007–2010) blei Skrivehjulet brukt som ein av fleire analysemodellar, for å gi kunnskap om gjeldande skrivekulturar og tekstnormer i skulen (Smidt 2011).

Skriveprøva er tilgjengeleg i prøvebanken til Utdanningsdirektoratet. Prøvene har eit støttemateriell som bygger på den funksjonelle forståinga av skriving som er nedfelt i Skrivehjulet. 


Vidare lesing

  • Berge, K. L. (2005). Skriving som grunnleggende ferdighet og som nasjonal prøve – ideologi og strategier. I A. J. Aasen & S. Nome (red.): Det nye norskfaget, s. 161–187.  Bergen: Fagbokforlaget/Landslaget for norskundervisning.
  • Berge, K. L., Evensen, L. S., & Thygesen, R. (2016). The Wheel of Writing: a model of the writing domain for the teaching and assessing of writing as a key competency. The Curriculum Journal, 1–18
  • Evensen, L. S. (2010). En gyldig vurdering av elevers skrivekompetanse? I J. Smidt, I. Folkvord & A. J. Aasen (red.): Rammer for skriving. Om skriveutvikling i skole og yrkesliv, s. 13–31. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.
  • Otnes, H. (red.). (2015). Å invitere elever til skriving. Perspektiver på skriveoppgaver. Bergen/LNU:Fagbokforlaget.
  • Smidt, J. (2011). Skrivekulturer og skrivesituasjoner i bevegelse - fra beskrivelse til utvikling, s. 11–35. I J. Smidt (red.) Skriving i alle fag – innspill og utspill. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.
  • Smidt, J., Solheim, R. & Aasen, A. J. (red.) (2011). På sporet av god skriveopplæring. Trondheim: Tapir Akademisk forlag.
  • Solheim, R. & og Matre S. (2014). Forventninger om skrivekompetanse. Perspektiver på skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet».  I Viden om læsning (15), s.76–89.
  • Utdanningsdirektoratet (u. å.). Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Utdanningsdirektoratet.
Til toppen