Språket som meiningsskapande verktøy
Heftet syner korleis læraren kan gå fram for å gi elevane eksplisitt skriveopplæring ved å byggje stillas for elevane si skriving. Det er viktig å presisere at læraren må vere tett på elevane gjennom heile skriveprosessen, frå førskrivefasen til sluttføringa av teksten.
Heftet tar utgangspunkt i kompetansemåla i norsk, men arbeidsmetodane og eksempla som vert presentert, har også overføringsverdi til arbeid med argumenterande skriving i andre fag. I den utskriftsvenlege PDF-en til venstre finn du den nyleg reviderte bokmålsversjonen av heftet, og til høgre finn du nynorskversjonen.