Rammeverket for grunnleggande ferdigheiter

Hovudformålet for revisjonen av dei fem fellesfaga norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk har vore å tydeliggjere dei grunnleggande ferdigheitene og å bidra til større samsvar på tvers av faga.

For å få til dette utarbeidet Utdanningsdirektoratet heftet Rammeverk for grunnleggende ferdigheter.

I Rammeverket for grunnleggende ferdigheter er tre aspekt ved skriving spesielt vektlagt:

  1. Skrivehandlingar
  2. Skrivestrategiar
  3. Revisjonskompetanse

Skrivehandlingar

Rammeverket for grunnleggende ferdigheter har ei funksjonell forståing av skriving der skriving blir definert som evna til å kunne ytre seg forståelig på ein hensiktsmessig måte om ulike emne og å kommunisere med andre. Denne definisjonen er inspirert av Skrivehjulet som er ein modell som freistar å forklare kva vi kan bruke skriving til, og korleis vi gjennom skriving kan oppnå ønskte formål. Modellen definerer seks ulike skrivehandlingar og viser kva formål desse kan ha. For å kunne utføre skrivehandlingar, må vi ha formelle kompetansar og eit visst ferdigheitsnivå. Vi må til dømes ha ei leseleg handskrift og kunne formulere forståelege setningar. Slike ressursar, som er presenterte i «navet» til Skrivehjulet, kan vi ta i bruk for å tilpasse skrifta til skrivehandling og formål. Ved å fokusere på skrivehandlingar og formål framhevar vi dei funksjonelle sidene ved skriving.

Dette inneber at vi til dømes i norskfaget har fått ein læreplan som ikkje ramsar opp spesifikke sjangrar, men som fokuserer på formålet med tekstane elevane skal skrive – og korleis tekstane skal tilpassast mottakar og medium. Denne dreiinga bort frå sjangrar og inn mot skrivehandlingar, byggjer på denne funksjonelle forståing av skriving: Å skrive er å utføre ei handling som skal oppfylle eitt eller fleire formål. Når elevane i norskfaget skal skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar, utfører dei ulike skrivehandlingar. Og når vi skal vurdere desse tekstane, må vi vurdere dei i lys av skriveformålet og ikkje etter predefinerte lister med sjangerkrav

Skrivestrategiar

Skrivestrategiar kan definerast som prosedyrar og teknikkar skrivarar brukar for å gjennomføre ulike skriveoppgåver (Hertzberg 2006). Ifølgje studien Writing Next er undervisning i skrivestrategiar det mest effektfulle vi kan gjere for å utvikle elevane sin skrivekompetanse (Graham 2007). Nokre
skrivestrategiar er bevisste og kan observerast, mens andre er mentale prosessar som skrivaren sjølv kanskje ikkje er klar over at han brukar. Poenget er at kompetente skrivarar brukar ei rekkje ulike strategiar når dei skriv. Det som kjenneteiknar ein uerfaren skrivar, er at han ikkje har utvikla slike. God skriveopplæring handlar derfor om å hjelpe elevane til å ta i bruk ulike skrivestrategiar.

Revisjonskompetanse

Å vere ein kompetent skrivar føreset at ein kan lese og reflektere over teksten sin parallelt med at ein skriv. Å utvikle skriving som grunnleggjande ferdigheit inneber såleis også å utvikle det som på fagspråket vert kalla revisjonskompetanse. For at eleven skal få auge på svakheiter som bør betrast i eigen tekst, må han også utvikle lesestrategiar og vurderingskompetanse. Dersom ein i klasserommet har skapt medvit kring normer for tekstkvalitet, vil elevane lettare få auge på det som bør endrast. Slike normer kan ein utvikle gjennom å lese mange ulike tekstar – eigne og andre sine – og drøfte dei kritisk saman med lærar og medelevar. Å utvikle ein slik kritisk lesekompetanse inneber at ein forankrar arbeidet i tekstane og utviklingsnivået til den enkelte eleven. Ved å gi elevane respons som motiverer til gjennomarbeiding av tekstane, og samtidig organisere undervisninga slik at elevane får tid og rom til å revidere tekstane sine, hjelper vi dei til å øve opp evna til å lese eigne tekster kritisk – og til å overvake eiga skriveutvikling.

I Rammeverket er revisjonskompetanse eit eige meistringsområde. Denne oversikta viser ein tenkt progresjon i utviklinga av denne delferdigheita gjennom fem nivå:

  1. Gjere enkle endringar i tekstar etter tilbakemelding
  2. Omarbeide tekstar etter tilbakemelding
  3. Vurdere og revidere tekstar og beskrive kvalitetar ved dei
  4. Revidere tekstar og vurdere kvalitetar ved dei
  5. Foretar kritisk revisjon av egne tekster
Til toppen