QR-kodar som verktøy i skriveopplæringa

Digitale verktøy som QR-kodar kan vere med på å motivere elevar til å ta i bruk informativ eller ekspressiv skriving.

Skriving i alle fag handlar om å gi eksplisitt skriveopplæring på faget sine premissar. For å bli ein god skrivar må ein skrive mykje i alle fag. Uavhengig av fag så må ein som lærar leggje til rette for at elevane opplever meistring og motivasjon i skrivearbeidet gjennom oppgåver som inspirerer til skriving, og som samtidig hjelper eleven å tileigne seg kunnskap.

Digitale verktøy som QR-kodar kan vere med på å motivere elevar til å ta i bruk informativ eller ekspressiv skriving. Føremålet med skrivinga kan vere å lære andre elevar noko, eller det kan vere at ein ønskjer å formidle sine eigne tankar eller meiningar. Det vil vere mogleg for elevane å produsere tekstar som eit stort publikum kan lese avhengig av kor QR-kodane blir gjort tilgjengelege.

Eksempla under gir ei lita oversikt over korleis ein kan ta i bruk QR-kodane som ein arena å dele tekst på.

På biblioteket

Bok-, film eller musikktips.
(Bokgløtt – kort om film – musikk i øyra mine)

Elevar deler meiningane sine om bøker (sjå QR-koden til venstre), filmar eller musikk interaktivt ved at dei legg tipsa elektronisk på skulen si heimeside og vert kobla til ein QR-kode som er limt på omslaget til boka, filmen eller CD-en.



 

Kompetansemål i norsk:

  • Skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium.
  • Presentere norskfaglige emner med relevant terminologi og formålstjenlig bruk av digitale verktøy og medier

Eller andre kompetansemål som blir dekte gjennom temaet ein vel.

Naturfag

Lag ei QR-kodeløype på laboratoriet til skulen!
Ved hjelp av relevante kjelder produserer elevane korte tekstar, instruksjonar og forklaringar som tar for seg tema som laboratorieutstyr, HMS-rutinar og risikovurderingar på skolens naturfaglaboratorium.

Aktuelle postar:
1. Branntryggleik på lab: brannsløkkingsapparat (sjå QR-koden til venstre), brannteppe, kva for slags utstyr som vert brukt til ulike typar brannar? Forklaring av branntrekanten m.m.
2. Glasutstyr på laboratorium.
3. Korleis setje saman eit kokestativ?
4. Faresymbol på kjemikaliar – kva betyr dei og kva for forholdsreglar må ein ta når ein bruker kjemikaliar på lab?

 

Kompetansemål i naturfag:

  • Skrive forklarende og argumenterende tekster med referanser til relevante kilder
  • Følge sikkerhetstiltak som er beskrevet i HMS-rutiner og risikovurderinger

Eller andre kompetansemål som blir dekte gjennom temaet ein vel.

Samfunnsfag

QR-kodar i lokalsamfunnet!
I samarbeid med lokale historielag eller liknande kan elevane lage ei løype som tar for seg attraksjonar eller spennande stader i skulen sitt nærområde. Løypa kan også lagast på skolen som ein presentasjon av eit tema som elevene har jobba med i ein periode.

Aktuelle løyper:
1. Historiske stadar
2. Overblikk over samane si historie
3. Bærekraftig utvikling i lys av mennesket si utnytting av naturressursane

Kompetansemål i samfunnsfag:

  • Skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar
  • Bruke samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggje vidare på bidrag frå andre.

Eller andre kompetansemål som blir dekte gjennom temaet ein vel.

 

Til toppen