Normprosjektet

Eit samarbeid mellom forskarar frå fleire fag og institusjonar om skriving i alle fag i grunnskulen.

Normprosjektet er eit landsomfattande forskingsprosjekt om skriving i alle fag i grunnskulen, finansiert av Noregs Forskingsråd. Det fulle namnet på prosjektet er «Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning». Prosjektet har som mål å utvikle eksplisitte forventningsnormer for skriving og prøve desse ut som grunnlag for skriveopplæring og vurdering. Både utvikling av elevane sin skrivekompetanse og lærarane sin vurderingskompetanse er i fokus.

Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire fag og institusjonar. Prosjektansvarleg institusjon er Høgskulen i Sør-Trøndelag, og prosjektet blir leia av Synnøve Matre (leiar) og Randi Solheim (nestleiar). Forskargruppa består elles av Kjell Lars Berge, Universitetet i Oslo, Lars Sigfred Evensen og Hildegunn Otnes, NTNU og Ragnar Thygesen, Universitetet i Agder. Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking er ein viktig samarbeidspartner for prosjektet.

I Normprosjektet legg ein vekt på skriving som ein viktig føresetnad for læring og deltaking i eit demokratisk samfunn. Prosjektet er forankra i eit funksjonelt syn på skriving. Det inneber at ein legg vekt på kva ein kan gjere med skrift og kva ein kan oppnå gjennom skriving. Skrivehandlingar og føremål blir dermed sentrale omgrep, saman med semiotiske ressursar som realiserer relasjonen mellom handling og formål i ulike tekstar. Denne forståinga av skriving er presentert i modellen som blir kalla Skrivehjulet.

Normprosjektet samarbeider med 20 prosjektskular frå heile landet, som gjennom to år har fått skolering i prosjektet sine perspektiv på skriving og vurdering og arbeidd systematisk med å legge desse til grunn for skriveopplæring på mellomtrinnet. Elevane skriv tekstar der dei bruker ulike skrivehandlingar for ulike formål i alle fag, og lærarane bruker forventningsnormene som utgangspunkt for vurdering av tekstar og tilbakemeldingar til elevane. Prosjektet har samla inn ei stor mengd elevtekstar, vurderingsdata og anna materiale som vil danne grunnlag for omfattande forsking på elevtekstar, skriveutvikling, læringsstøttande vurdering og tolkingsfellesskap. 

Sjå elles www.norm.skrivesenteret.no

Til toppen