Lærarens modelltekst

I denne videoressursen viser ein norsklærar på vg3 korleis ho går fram når ho skal løyse ei langsvarsoppgåve frå hausteksamen 2015. Nedst på sida finn du lenker til den ferdige teksten med og utan kommentarar.

Når elevar skal lære å skrive betre tekstar, kan det vere nyttig at læraren modellerer skriveprosessen for elevane og nyttar modelltekstar som utgangspunkt for samtale om teksten elevane skal skrive. I videoen under modellerer norsklærar Kjersti Rognes Solbu korleis elevar kan arbeide når dei skal løyse ei langsvarsoppgåve på norskeksamen på vg3. I tillegg har vi lagt ved teksten læraren har skrive. Dette dømet på eit eksamenssvar kan nyttast som modelltekst for elevane og kan vere utgangspunkt for samtalar om kva som kjenneteiknar gode svar på eksamensoppgåver i norsk. Langsvarsoppgåva er henta frå hausteksamen 2015:

Oppgåve

  • Wilhelm Krag: «Der skreg en fugl», 1894
  • Franz Kafka: «Dropp det!», 1922
  • Pablo Picasso: «Guernica», 1937
  • Gunvor Hofmo: «Det er ingen hverdag mer», 1946

Vel tre av vedlegga og skriv ein resonnerande tekst om modernismen, der du bruker eksempel frå tekstane for å vise korleis dei er uttrykk for sider ved den modernistiske tradisjonen mellom 1890-1950. I kva grad meiner du desse tekstane framleis er aktuelle?

Kommentar
Oppgåva er todelt. I den første delen kan du velje kva du vil leggje vekt på. I den andre delen skal du vise evne til sjølvstendig refleksjon. Du kan velje korleis du vil strukturere svaret ditt.

 

Dette er ein oppgåvetype som ofte kjem til eksamen og som også egnar seg i opplæringa. Oppgåva krev fagkunnskap og at ein kan bruke denne fagkunnskapen til å forstå og kommentere tekstar, i tillegg til sjølvstendig refleksjon. I første del er eleven fagperson, medan siste del opnar for at eleven kan bruke seg sjølv og eigne erfaringar i møte med tekstane. 

I videoførelesninga forklarar norsklæraren korleis ho går fram når ho skal løyse denne eksamensoppgåva. Under finn du lenker til teksten ho har skrive og den same teksten med kommentarar. 


 

For fleire kommenterte eksamenstekstar, sjå ressursen Eksamensbesvarelser som modelltekster i opplæringa.

Til toppen