Lærarens modelltekst i historie og filosofi

I videoressursen under viser ein historie- og filosofilærar på vg3 korleis ho går fram når ho skal løyse eksamensoppgåva som vart gitt våren 2018. Nedst på sida finn du lenke til den ferdige teksten med og utan kommentarar.

Når elevar skal lære å skrive betre tekstar, kan det vere nyttig at læraren modellerer skriveprosessen for elevane og nyttar modelltekstar som utgangspunkt for samtale om teksten elevane skal skrive. I videoen under modellerer lærar Irene Brendehaug korleis elevar kan arbeide på førebuingsdagen og på sjølve eksamensdagen i Historie og filosofi. Eksamenssvaret som læraren har skrive, kan nyttast som modelltekst for elevane og kan vere utgangspunkt for samtalar om kva som kjenneteiknar gode svar på eksamensoppgåver i historie og filosofi.


Oppgåve

Tema: Fridom, rettferd og fellesskap 

Oppgåve: Skriv ein samanhengande tekst om fridom, rettferd og fellesskap, der du særleg får fram og problematiserer fridomsomgrepet. Du kan sjølv bestemme omfanget og disponere rekkjefølgja av punkta, men i svaret ditt skal du vise den historie- og filosofifaglege kompetansen din ved å svare på punkta under: 

  • Gjer greie for historiske prosessar og filosofisk tenking som har ført til at demokratiske idear er blitt utvikla i Europa. 
  • Drøft og samanlikn betydninga av fridomsomgrepet i to ideologiar som du vel sjølv. Kva for ein av dei to ideologiane meiner du kan føre til størst grad av fridom? 
  • Drøft og ta stilling til desse to påstandane: «Fridom er å ha moglegheit til å realisere seg sjølv som individ utan ytre hindringar.» «Fridom er å engasjere seg i fellesskapen.» 

I teksten din kan du trekkje inn andre punkt som du meiner er relevante og interessante, og som gir deg moglegheiter til å trekkje inn meir av den historie- og filosofifaglege kompetansen din. Du kan velje blant punkta under eller bruke dine eigne. 

  • Positiv fridom, negativ fridom. 
  • «All statsmakt skaper ufridom.» 
  • «Berre staten kan sikre fridom og rettferd.» 
  • Målet heilagar middelet. 
  • Realpolitikk vs. idealpolitikk.
  • «Den som ofrar fridom for tryggleik, vil miste begge og fortener ingen av dei.» (Benjamin Franklin). 
  • «Det er ingen fridom utan tryggleik.» (John Ashcroft).

I videoførelesninga forklarar historie- og filosofilæraren korleis ho går fram når ho skal løyse denne eksamensoppgåva. Under finn du lenker til teksten ho har skrive og den same teksten med kommentarar. Førebuingsdel og eksamensrettleiing kan lastas ned frå Udir.no


 

Illustrasjonsfoto: Dimitris Pollatos / Public domain
 

Til toppen