Kvalitetskriterium for læremiddel i norsk

Kva er eigentleg eit godt læremiddel i norsk? Og kva skal vi sjå etter når vi skal velge eit konkret læreverk? 

Dette var berre nokre av spørsmåla som blei diskutert i arbeidsgruppa som har utarbeidd kvalitetskriterium for læremiddel i norskfaget. 
 

Arbeidsprosessen

Utdanningsdirektoratet utnevnte seint i 2019 ei arbeidsgruppe som skulle utvikle kvalitetskriterium for læremiddel i norskfaget. Arbeidet blei leidd av professor emerita Dagrun Skjelbred, og gruppa var samansett av representantar frå grunnskole, vidaregåande opplæring og frå UH-sektoren. I dette arbeidet deltok også Stine Aarønes Angvik, som representant frå Skrivesenteret.

Gjennom vinteren og våren 2020 møttest gruppa både ansikt til ansikt og via skjermen, og gruppa organiserte og gjennomførte ein omfattande og nyttig dag med ei breitt samansett responsgruppe på 20 personar frå både Norge og Danmark. Arbeidsgruppa har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag, som kan fungere som eit teoretisk, metodisk og didaktisk fundament for dei endelege kvalitetskriteria, som ligg i den digitale veilederen.

 

Skriveopplæringa sin plass i norskfagets læremiddel

Prinsippa, kjerneelementa og kompetansemåla i LK20 har stått sentralt i utarbeidinga av kvalitetskriterium. Vår representant frå Skrivesenteret var særleg opptatt av korleis gode læremiddel støttar læraren si skriveopplæring og eleven si skriveutvikling. Kjerneelementet «skriftleg tekstskaping» handlar om korleis opplæringa i skolen kan hjelpe elevane til å bli deltakarar i eit samfunn der vi heile tida orienterer oss i eit mylder av tekstar (Berge & Stray, 2012). Læremiddel i norskfaget kan legge til rette for eit slikt overordna deltakarperspektiv, ikkje berre ved å kommunisere verdiar som demokrati og medborgarskap, men òg ved å invitere til skrivesituasjonar og skrivehandlingar der eleven kan øve seg på å ta ordet, formulere eigne synspunkt og delta i konstruktive meiningsutvekslingar. Gode læremiddel i norskfaget støttar skriveprosessar som lar elevane få bryne seg på faglege problemstillingar som krev evne til kritisk tenking, refleksjon og drøfting. Gode læremiddel har og oppgåver som både trener delferdigheiter og legg opp til skriving i lengre prosessar, der ein tar i bruk varierte og problematiserande arbeidsmåtar (Gibbons, 2009).

Kjerneelementet «skriftleg tekstskaping» rettar merksemd mot at skriving er ein skapande prosess som krev hardt arbeid. Ei systematisk og eksplisitt skriveopplæring må ha ein tydeleg plass i læremidla i norskfaget, og det må leggast til rette for at elevane kan vere utforskande, kreative, argumenterande, kritiske og skapande (Smidt, 2018). Læremidla bør derfor støtte ei undervisning som inviterer til skriving i meiningsfulle skrivesituasjonar i relevante kontekstar, og der elevane får arbeide aleine og saman med andre i korte og lengre prosessar. 

Evna til å vurdere og revidere eigne tekstar blir utvikla over tid, og heng tett saman med tilbakemeldingane elevane får frå læraren og frå medelevar. For å støtte både læraren og elevane i dette arbeidet kan læremidla legge opp til skriveprosessar der tilbakemelding og vurdering av eigne og andres tekstar blir initiert og modellert. I gode læremiddel kan eksempeltekstar blant anna bli brukt til å synleggjere korleis ei kvalifisert tilbakemelding på ein tekst kan sjå ut. 

Det overordna formålet med (skrive)opplæringa bør stå sentralt i gode læremiddel. Det handlar om at elevane opparbeider seg ein så god skriftleg kompetanse som mogleg, slik at dei kan gjennomføre ei relevant utdanning og fungere godt i eit framtidig yrkesliv. Det handlar også om at elevane tileignar seg ein kompetanse som gjer dei i stand til å vere deltakarar og medborgarar i samfunnet dei er ein del av.

 

Å velge læremiddel av god kvalitet – diskusjonstema for det profesjonsfaglege fellesskapet?

Arbeidet med kvalitetskriterium blei avslutta i juni 2020, og både kunnskapsgrunnlaget og den digitale veilederen ligg tilgjengeleg på Udir sine nettsider. Kvalitetskriteria egnar seg godt som tema for faglege diskusjonar, og ein kan i tillegg støtte seg til dei teoretiske, metodiske og didaktiske poenga som finst i kunnskapsgrunnlaget. Mange skolar har fortsatt ikkje valt læremiddel og læreverk for norsk enno, og arbeidsgruppa håper at skolane legg opp til profesjonsfagleg samarbeid, der norskfaglege og didaktiske diskusjonar kan springe ut av arbeidet med det digitale verktøyet.



Referanser

  • Berge, K.L. & Stray, J.H. (red.) (2012), Demokratisk medborgerskap i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.
  • Gibbons, P. (2009). English Learners Academic Literacy and Thinking. Learning in the challenging zone. Portsmouth: Heinemann.
  • Smidt, J. (2018). Norskfaget mellom fortid og framtid. Scene og offentlighet. Bergen: Fagbokforlaget.


Lenkesamling

Til toppen