Karakter 6 til eksamen i norsk skriftleg. Kva er «framifrå kompetanse i faget»?

Denne ressursen presenterer to elevsvar som har fått karakteren 6 i norsk skriftleg. Det er eit hovudmåls- og eit sidemålssvar, begge frå hausteksamen 2018.  

Forskrift til opplæringslova §§ 3-4 og 4-4 beskriv dei ulike karakterane på karakterskalaen: «Karakteren 6 uttrykkjer at eleven / deltakaren har framifrå kompetanse i faget.» 

2,5% av dei som tok eksamen i norsk hovudmål våren 2018, fekk karakteren 6. 1,4% fekk 6 til sidemålseksamen.  

Eksamensrettleiinga for faget gir føringar for sensur / karaktersetjing. Sensorar bruker ei matrise med kjenneteikn på måloppnåing når dei vurderer eksamenssvar. Elevane må kjenne eksamensrettleiinga og vite kva som kjenneteiknar eksamenssvar på ulike nivå. Elevar som har ambisjonar om å oppnå toppresultat, kan lese og diskutere eksempeltekstane og prøve å identifisere den kompetansen som syner den høgste måloppnåinga i faget. 

I eksamensrettleiinga finst det matriser for kjenneteikn på måloppnåing for ulike typar eksamensoppgåver. NB! Desse matrisene blir av og til justert. Finn den nyaste eksamensrettleiinga!

Det er ingen fagleg nivåforskjell på innhaldet i hovudmålseksamen og sidemålseksamen. Matrisa med kjenneteikn på måloppnåing er felles for dei to eksamensdagane. Når det gjeld underpunktet om språk og formelle ferdigheiter, kan sensorane likevel forvente at elevane meistrar hovudmålet sitt noko betre enn sidemålet. (Eksamensrettleiing vår 2019 som PDF: nynorsk | bokmål).

Matrisa for «Språk og formelle dugleikar» er lik for alle oppgåvetypar. 

 

Oversikt over kjenneteikn på måloppnåing på høgste nivå

Vi har laga ei oversikt over kjenneteikn på måloppnåing på høgste nivå for to teksttypar/ oppgåvetypar:  

  • Analysar, tolkingar og samanlikningar (eksempeltekst A)
  • Informative, argumenterande og resonnerande tekstar(eksempeltekst B)

Presis / presist og sjølvstendig, sakleg og nyansert, forståing for samanheng og svært god evne til refleksjon er viktige stikkord for dei som vil vise «framifrå kompetanse». Dei markerte orda kjenneteiknar høg måloppnåing.

Informative, argumenterande og resonnerande tekstar

Analyser, tolkingar og samanlikningar

  • har formålstenleg struktur og god samanheng  
  • har formålstenleg struktur og god samanheng  
  • har relevante moment og/eller eksempel, med god breidde
  • har relevante moment og/eller eksempel, med god breidde
  • gjer greie for faglege emne på ein presis måte  
  • bruker presist og relevant fagspråk  
  • formulerer hovudsyn presist 
  • gjer greie for og vurderer verkemiddel og viser korleis dei fungerer i teksten  
  • argumenterer sakleg, på en overtydande måte 
  • gjer presist greie for argumentasjon/ bruk av appellformer og funksjonen deira  
  • har klare resonnement, viser evne til å drøfte eit emne sakleg og nyansert 
  • gjer greie for tema / bodskap / hovudsynspunkt på ein sjølvstendig måte 
  • formulerer poengterte oppsummeringar eller konklusjonar
  • reflekterer over tekstar på ein relevant og sjølvstendig måte, har vurderingar og grunngitte synspunkt 
  • viser svært god evne til refleksjon 
  • samanliknar tekstar på ein oversiktleg og god måte 
  • bruker eventuelle kjelder relevant, etterprøvbart og sjølvstendig 
  • viser at eleven kan plassere tekstar kulturhistorisk, med forståing for samanhengen 

 

  • bruker eventuelle kjeder relevant, etterprøvbart og sjølvstendig

Det finst også oversikt over kjenneteikn på måloppnåing for kreative tekstar og kortsvar. 

 

Denne ressursen inneheld:

Argumentasjon. «Språket vårt definerer hvem vi er».

 

Samanlikning mellom tekst frå barokken og samtidstekst. «Kva kjem etter at alt er borte?»

 

Språk og formelle dugleikar. Kjenneteikn på måloppnåing på høgste nivå.

Til toppen