Kva er nytt i dei reviderte læreplanane?

Føremålet med revisjonen er at det skal bli tydelegare progresjon i arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene. Det er dei fem skulefaga norsk, matematikk, naturfag, engelsk og samfunnsfag som er reviderte. Lærarar, skuleleiarar og skuleeigar har ansvar for at skulen legg vekt på dette.

Grunnleggjande ferdigheiter og skriving på premissane til faga

Skriving som grunnleggjande ferdigheit har fått ein sentral plass i den reviderte læreplanen. Å skrive i eit fag handlar om å skrive tekstar som har status i faget.

Skriving som grunnleggjande ferdigheit i naturfag legg vekt på den heilskapelege skriveprosessen frå førebuing til gjennomarbeiding til presentasjon av tekstar. Dette inneber at ein bruker naturfaglege omgrep, figurar og symbol tilpassa føremål og mottakar.

I samfunnsfag er utforskaren innført som eit nytt hovudområde. Dette området tek for seg korleis en kan byggje opp samfunnsfagleg forståing gjennom nysgjerrigheit, undring og skapande aktivitetar. Det er også viktig å stimulere til kritisk vurdering av etablert og ny samfunnsfagleg kunnskap gjennom å bruke kjelder og å la kjeldekritikk stå sentralt i opplæringa.

Å skrive i matematikk inneber å bruke matematiske symbol og det formelle matematiske språket til å løyse problem og presentere løysingane. Vidare vil det seie å lage teikningar, skisser, figurar, grafar, tabellar og diagram som er tilpassa mottakaren og situasjonen.

Skriving som grunnleggjande ferdigheit i norsk er å uttrykkje seg i norskfaglege sjangrar på ein føremålstenleg måte. Utvikling av skriftlege ferdigheiter kan best skje gjennom systematisk arbeid med formelle skriveferdigheiter, tekstkunnskap og ulike skrivestrategiar.

Dei reviderte læreplanane legg vekt på ei funksjonell tilnærming til skrivinga, altså kva vi kan bruke skriving til. Det er synleggjort mellom anna gjennom skrivehandlingane å beskrive, å fortelje, å argumentere og å undersøkje. Elevane må vite føremålet med skriveaktivitetane dei skal gjennomføre og kva tekstane skal brukast til. Elevane skal meistre å skrive forteljande og beskrivande tekstar etter 2. trinn og argumenterande tekstar etter 4. trinn. For å nå dette målet må alle jobbe systematisk med skriveopplæringa frå skulestart på 1. trinn.

Til toppen