Halloween – eit høyrespel utan ord

Korleis bruke sansane til å skape ein skummel teikneserie eller ei nifs forteljing?

I denne ressursen finn du eit høyrespel utan ord som inspirasjon for skapande skriving på mellomtrinnet.

Forslag til undervisingsopplegg til «Halloween – eit høyrespel utan ord»:

  1. Spel av høyrespelet høgt for elevane, og be dei bruke sansane og forestille seg kva dei trur skjer.
  2. Etter avspelinga kan elevane skrive ned sine tankar omkring det dei har høyrt.
  3. Gjennomfør ei felles idemyldring, og skriv ned ideane.
  4. Elevane lagar kvar sin teikneserie basert på det dei har høyrt og med støtte i idemyldringa. Vel eventuelt ein annan sjanger, til dømes ei skummel forteljing.​
Til toppen