Grunnlova 1814 - 2014

Veit elevane dine eigentleg kvifor vi feirar 17. mai? Her syner vi korleis heile skulen, frå fyrste til tiande trinn, kan arbeide med same skrivetema.

Gå direkte til skriveoppgåva for fyrste trinn
Gå direkte til skriveoppgåva for femte trinn
Gå direkte til skriveoppgåva for åttande trinn

 

Kan ei felles skriveoppgåve vere limet i skulebasert kompetanseutvikling?

Vi har mange 1 til 10-skular i Noreg. Å samle seg om eit utviklingsarbeid som gjeld heile skulen kan ofte vere utfordrande for desse skulane. Med denne ressursen vil vi vise eit døme på at eit felles skrivetema kan vere limet som held fast på fellesskapskjensla ved skulen. Vi vil slå eit slag for at fellesopplevingar med utgangspunkt i skriving kan vere eit supplement til aktivitetsdagar og skulegardsfestar. Ein kan til dømes tenkje seg årlege skriveveker, forankra i skriveplanar, på same vis som haustdagen og skidagen er forankra i aktivitetskalenderen. Temaet må sjølvsagt endrast frå eitt år til det neste, men med litt fantasi og med kompetansemåla i læreplanen som utgangspunkt, kan ein finne skrivetema som er motiverande for alle elevane frå fyrste til tiande trinn. Når ein til dømes arrangerer felles skriveveker, opnar det seg også naturlege arenaer der elevane blir autentiske mottakarar for kvarandre sine tekstar.

 

Skulebasert kompetanseutvikling

Ein svært heldig bieffekt av å bruke skriving som utgangspunkt for ei fellesoppleving er at det vert skapt ein naturleg arena i personalet for å diskutere kva god skriveopplæring er. Kva kjenneteiknar ein god tekst på tredje trinn? Kva kan ein forvente av ein skrivar på åttande trinn? Kva slags støtte kan vi som lærarar tilby elevane før skrivinga tar til, og undervegs i skriveprosessen?

At lærarar utvekslar gode skriveoppgåver og diskuterer kva god skriveopplæring er, på tvers av fag og klassesteg, trur vi kan vere svært nyttig i ein implementeringsfase av ei satsing på skriving, noko som er heilt i tråd med intensjonane for skolebaserte kompetanseutvikling:

«Kompetanseutviklingen skal foregå på skolen for alle ansatte. God organisasjonskultur er en forutsetning for kollektiv endring, og derfor blir også måter skolen lærer på kollektivt, som organisasjon, viktig i dette arbeidet» (Rammeverk for skolebasert kompetanseutvikling på ungdomstrinnet 2012–2017).

 

Grunnlova 1814 til 2014

I det følgjande undervisningsopplegget, «Grunnlova 1814 til 2014», skisserer vi korleis alle elevane på ein 1 – 10 skule kan arbeide med same tema, dei historiske hendingane kring skrivinga av Grunnlova på Eidsvoll i 1814. Undervisningsopplegget er forankra i fleire læreplanmål og i «Fem prinsipp for god skriveopplæring». I samband med 17. mai-feiringa skal det vere ei tekstutstilling der alle elevane får stille ut tekstane sine. Heile bygda vert inviterte til 17. maiarrangementet, og gjennom at tekstane til elevane vert publiserte på denne måten, får dei reelle mottakarar. Skrivinga blir halden fram som viktig, noko som er med på å skape motivasjon for å skrive. For elevane vert det ekstra viktig å lage produkt dei kan vere stolte av å vise fram. Tekstutstillinga blir ein felles publiseringsarena for heile skulen og er med på å knytte elevane saman på tvers av årssteg. Vi viser her døme på korleis elevar på åttande trinn skriv artiklar, korleis elevane på femte trinn lagar brosjyrar og korleis elevane på fyrste trinn lagar figurdikt.

Sjølv om opplegget som vi beskriv i denne ressuren fann stad ved 200-årsjubileet for Grunnlova, er tematikken likevel aktuell kvart år i samband med feiringa av nasjonaldagen. Dette opplegget kan også tilpassast andre emne, som til dømes FN og menneskerettar, miljøvern, Nobels fredspris eller Stortingsval.

 

«Eidsvold 1814» ble malt av Oscar Wergeland

«Eidsvold 1814» blei måla av Oscar Wergeland 70 år etter Riksforsamlinga og gitt til Stortinget i 1885. Motivet viser Christian Magnus Falsen som les frå Grunnlova, medan sekretæren, sorenskrivar Wilhelm Frimann Koren Christie, sit ved sida av.

 


Grunnlova 1814 til 2014,
åttande trinn

Kompetansemål etter 10. årssteg  
Utforskaren Historie
  • skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar
  • skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngjevne konklusjonar og kjeldetilvisingar
  • finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
  • presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskrive korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
  • gjere greie for idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og beskrive følgjer dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg

 

Førskrivefase

I oppstarten av arbeidet med eit nytt emne er det formålstenleg å aktivere elevane sine forkunnskapar. Her kan ein nytte ulike førskrivingsstrategiar, til dømes eit VØL-skjema, der V i skjemaet viser kva elevane veit om emnet, og Ø viser kva elevane ønskjer å vite og L viser kva elevane har lært etter å ha arbeidd med temaet, anten før sjølve skrivinga tar til eller etter at skriveprosessen er ferdig.

 

Tenkeskriving er ein annan aktivitet ein kan nytte i denne fasen av skriveprosessen. Kva kan eleven frå før? Kva skjedde i perioden før Noreg fekk den nye Grunnlova? Hugsar elevane noko om den amerikanske og den franske revolusjonen?

For historielæraren går jobben i stor grad ut på å trekkje linjer frå ein periode til ei annan – læraren må hjelpe elevane til å sjå dei store linjene i historia. Tidslina kan vere ein god reiskap i dette arbeidet. Ved hjelp av tidslinja vert det enklare å hekte ny kunnskap på allereie erverva kunnskap.

I denne fasen treng elevane vidare å lese og skrive seg til meir kunnskap om emnet. Læreboka er ei kjelde elevane kan bruke, men for dette temaet finst det også mange gode nettstader. Skular som til dømes har geografisk nærleik til museet Eidsvoll 1814 bør absolutt besøke museet, mens skular andre stader i landet kan bruke nettsida deira aktivt.

Skriveppgåva som elevane får lyder slik:

Skriv ein fagtekst der du gjer greie for årsakene til at Noreg fekk sin eigen Grunnlov i 1814. Teksten din skal stillast ut på tekstutstillinga på 17. mai.

  • Bygg opp teksten som ein artikkel
  • Bruk emneorda som støtte i skrivinga

Emnehjelp

ordbank      

Union med Danmark
Flåteranet
Hungersnaud
Aukande nasjonalkjensle

Grunnlov
Napoleon
Maktfordeling
Menneskerettar

Eidsvoll
Kristian Fredrik
Karl Johan
Falsen

Stormannsmøtet
Riksforsamlinga
Kielfreden
Mossekonvensjonen

 

For nokre elevar kan denne oppgåva vere til hjelp før sjølve skrivinga av fagteksten tar til

Årsaker til det som skjedde i 1814

Studer lista over årsakene til at Noreg fekk eiga Grunnlov og kom i union med Sverige.

  • Storbritannia røva dei dansk-norske krigsskipa i København
  • I januar 1814 vart Kielfreden inngått
  • Kristian Fredrik ønskte å bli konge i Noreg
  • Karl Johan ønskte å utvide territoriet sitt
  • Det var hungersnaud i Noreg under krigen mot Storbritannia
  • Norske embetsmenn ønskte eit meir sjølvstendig Noreg

 

  1. Skriv årsakene ned på eit ark og ranger dei etter kor viktige de meiner at dei er.
  2. Kva for årsaker vil de seie er grunnleggjande og kva for årsaker er utløysande?
    Skriv G framfor dei årsakene som er grunnleggjande og U framfor dei årsakene de meiner er utløysande.
  3. Skriv ned årsakene på eit ark slik at dei dannar ein sirkel. Trekk ein strek mellom dei årsakene som de meiner har ein samanheng med kvarandre.

 

Skrivefase

I skrivefasen kjem elevane i gang med skrivinga. Dei treng ofte hjelp til å avkode oppgåva, slik at dei har klart føre seg kva dei skal skrive om. Her kan det vere lurt at læraren hjelper elevane med å tolke oppgåveteksten. Det kan til dømes gjerast ved at læraren tek oppgåveteksten opp på skjerm eller tavle og samtalar med elevane om kva oppgåva ber om. I denne samanhengen er viktig å tydeleggjere kva som er formålet og kven som er mottakarane for teksten.

Vidare vil det vere ulikt frå elev til elev kor mykje støtte han eller ho treng i skrivefasen. For nokon vil det å få sjå modelltekstar vere det som gir rammer for skrivinga, mens for andre kan meir konkrete skriverammer vere til god hjelp. Det finst ulike skriverammer – frå dei meir rigide med forslag til startsetningar, til dei meir opne som berre viser ein struktur for teksten. Når skriverammer vert tekne i bruk i skriveopplæringa, er det viktig at læraren driv tilpassa opplæring og går i dialog med kvar einskild elev om kva for støtte han eller ho treng.

Her ser du eit døme på ei open skriveramme til denne oppgåva.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Revisjonsfase

Læraren samlar inn fyrsteutkasta av teksten og gir respons etter prinsippa for læringsfremmande undervegsvurdering (sjå «Fem teser for funskjonell respons på elevtekster»). Det er viktig at responsen motiverer for revidering og at han er forma på ein slik måte at eleven kan nyttiggjere seg han. Her kan læraren til dømes gi videorespons eller kommentarar i margen. Elevane kan òg gi respons til kvarandre. Det kan vere greitt for elevane å ha ei kriterieliste for kva dei skal sjå etter når dei gir elevrespons.

Tabellen under syner eit døme på korleis ein kan utforme kriterium for elevrespons

Elevane reviderer tekstane dei har skrive på bakgrunn av responsen dei får frå læraren.

 

Sluttføringsfase

I sluttføringsfasen legg elevane siste hand på verket. Dei må vaske teksten sin for skrivefeil, finne ut kvar eventuelle bilete skal plasserast og gjere teksten fin og lesbar for dei som skal besøke tekstutstillinga på 17. mai.

 


Grunnlova 1814 – 2014,
femte trinn

Kompetansemål 5.-7. årssteg
  • Plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart
  • Bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett
  • Skrive samfunnsfagleg tekst ved å bruke relevante fagomgrep og fleire kjelder

I dette opplegget får elevane denne oppgåva:

Lag ein brosjyre der du presenterer sentrale hendingar i samband med at vi fekk Grunnlova. Brosjyrane skal stillast ut på tekstutstillinga 17. mai.

 

Førskrivefase

  • For å aktivere forkunnskapane hos elevane brukast tenkeskriving: Kva veit eg om grunnlovsjubileet?
  • Gjennomgang av fagstoff ved læraren. Kva skjedde i 1814? Hekte ny kunnskap på det elevene allereie kan om 1814. Læraren bruker bilete som støtte. Læresamtale og dialog i klassa undervegs i gjennomgangen.

 

Skrivefase

I skrivefasen vert elevane delt i grupper på tre elevar i kvar gruppe, og dei jobbar med å lage strukturerte tankekart over det dei no kan om emnet. I denne prosessen går det føre seg ein viktig samtale kring fagstoffet. Elevane må forklare for kvarandre og får slik styrka kunnskapen dei har om perioden.

Hendingane vert deretter systematiserte på ei tidsline:

 

Læraren viser fram skriveramma for brosjyren og går gjennom korleis ho kan brukast som støtte for den endelege brosjyren.

Elevane sit saman i grupper og fyller ut skriveramma. Dei bruker både bøker og Internett for å finne meir stoff om emnet.

Her er eit døme på ei utfylt skriveramme

 

Lærarane er tett på elevane i skriveprosessen og rettleier dei undervegs i arbeidet. Etter at skriveramma er fylt ut og planlegginga av kva som skal vere med i brosjyren er ferdig, skriv elevane dei små sammendraga som skal vere på dei ulike stadene i brosjyremalen.

Elevane set inn bilete som passar til teksten.

 

Revisjon og sluttføringsfase

Elevane og læraren les gjennom brosjyren saman og blir einige om eventuelle endringar som må gjerast.

Døme på ferdig elevbrosjyre

     

 


Grunnlova 1814 – 2014,
fyrste trinn

Kompetansemål etter 4. årssteg:
Samtale om kvifor og korleis ein feirar 17. mai og 6. februar, og fortelje om nasjonaldagane i nokre andre land.

 

Førskrivefase

På fyrstesteget kan det vere formålstenleg å arbeide i tverrfaglege skriveprosessar. I dette opplegget synliggjer vi korleis kompetansemål i samfunnsfag kan brukast i førskrivefasen, medan kompetansemål frå norskfaget dannar grunnlaget for sjølve skriveoppgåva. Elevane får i oppgåve å lage figurdikt om 17.mai. Før sjølve diktskrivinga tar til, treng elevane kunnskap om emnet. Her vil det vere ulikt frå elev til elev på kva for førkunnskapar dei har. Nokre veit kanskje at 17. mai er «bursdagen til Noreg» og at ein da kan ete så mykje is ein vil, medan andre sit inne med kunnskap om kva ein nasjonaldag er og kanskje også noko om den historiske hendinga som fann stad på Eidsvoll i 1814.

Læraren tar utgangspunkt i kompetansemålet i læreplanen som seier at ein skal samtale om kvifor og korleis ein feirar 17.mai. Det er naturleg å samtale med elevane kring desse spørsmåla:

  • Kvifor feirar vi 17. mai?
  • Kva skjedde på Eidsvoll i 1814?
  • Korleis var det i Noreg på den tida Grunnlova vart skriven?
  • Kva gjer vi på 17. mai?

Her kan læraren med fordel støtte klasseromsdialogen med bilete. I tillegg til bilete kan læraren gjerne lese høgt for elevane sine i førskrivefasen. Fleire barnebøker vart gitt ut i samband med grunnlovsjubileet. Du lese om nokre av dei i Dagbladet.

 

Skrivefase

I skrivefasen flyttar klassen seg frå dei historiske hendingane på Eidsvoll, mot det dei sjølv forbind med 17. mai.

Oppgåva går ut på å skrive 17. mai-dikt utifrå eit fast mønster, nemleg eit figurdikt forma som ein gut eller ei jente. Skriveprosessen startar med modellering av figurdiktmalen på tavla.

 

Slik ser malen til figurdiktet ut:



 

Før sjølve skrivinga tar til, kan det vere hensiktsmessig å idémyldre rundt kva dikta kan handle om. Her kan læraren til dømes lage tankekart og skrive sitt eige figurdikt på tavla. Her er det fint at lærraren samtaler med elevane om dei vala han/ho tar i utforminga av sitt eige dikt.

Elevane arbeider individuelt med figurdikta sine, medan læraren går rundt og hjelper dei som treng ekstra støtte.

 

Publisering

For elevane kan det liggje ekstra motivasjon i å syne fram det ferdige diktet for klassekameratane. AIle elevane presenterer dikta sine, og dikta vert hengde opp i klasserommet. I tillegg er figurdikta på plass under tekstutstillinga i samband med 17. maifeiringa i bygda. Det er stor stas for ein fyrsteklassing å syne fram diktet sitt for mor, far, besteforeldre eller andre han feirar dagen saman med!

 

Tilpassa opplæring

Elevane har kome ulikt i skriveutviklinga si, nokre elevar skriv med store bokstavar, nokre med små. Læraren er til stades i klasserommet og rettleier og støttar elevane medan dei skriv og fargeleggjer figurdikta sine.

Her kan du lese meir om veileda skriving med dei yngste elevane.

Her er døme på ferdige figurdikt



 

Til toppen