Gratis oppstartsamling for Språkløyper

20. november er det oppstartsamling for Språkløyper på Gardermoen, med fokus både på overgang mellom barnehage og skule, og PP-tenesta sine fordelar av Språkløyper.

Til oppstartsamlinga i november inviterer me denne gongen spesielt tilsette i PP-tenesta. I tillegg til opplæringsadministrasjonen i kommunane og leiarar i barnehage og skule – som har ansvar for overgangen mellom desse to.

Me inviterer difor:

  • Tilsette i opplæringsadministrasjonen i kommunane og leiarar i skule og barnehage, som har fokus på overgang mellom barnehage og skule.
  • Leiarar og andre tilsette i PP-tenesta.

Her er den utsende invitasjonen til Språkløypers oppstartsamling. Les meir og meld deg på på www.sprakloyper.uis.no/.

Til toppen