Eventyr med digital hjelp

Film om å arbeida med eventyr i barnehagen ved hjelp av dramatisering og bruk av Powerpoint.

Filmen viser korleis ein kan kombinere nynorsk og digitale verkty i barnehagen. Arbeidsmåten let barna få høyre og oppleve tekstar på nynorsk. I neste omgang får dei vere aktive og gjere seg eigne erfaringar, enten gjennom dramatisering eller språkaktivitetar. Denne kombinasjonen av inntrykk og eigen aktivitet legg til rette for at barna kan tileigne seg nye ord og omgrep, ved at dei får ta språket i bruk i meiningsfulle sosiale samanhengar.

Eventyra har gjerne eit rikare språk enn kvardagsspråket, og barna får her gjere seg erfaringar knytt til orda gjennom dramaaktiviteten. Eventyr er i tillegg gode modellar for barns eigne forteljingar, fordi dei har ein fast struktur som barna lærer gjennom å lytte og sjølve vere med på å fortelje.

Denne ressursen finnast på Nynorsksenterets barnehageside.

Til toppen