Å resonnere og reflektere i norskfaget – eit digitalt undervisningsopplegg

Dette er eit undervisningsopplegg der elevane skal trene seg på å skrive resonnerande tekstar om to veldig ulike tema. Oppgåvene tar utgangspunkt i eit mangfald av tekstar; dikt, kronikkar, debattartiklar. Heile opplegget er digitalt og kan brukast i heimeundervisninga.

I LK06 er den resonnerande teksten ein sentral teksttype, og denne læreplanen gjeld fram til 2022 for dei øvste trinna i vidaregåande. I den fornya læreplanen, LK20, er omgrepet «resonnerande tekst» ikkje lenger med, men nemner nokre sentrale sjangrar som elevane treng å arbeide med for å vere meir budd til vidare studier. Sjangrane essay og fagartikkel gir rom for at elevane (fortsatt) skal resonnere og reflektere på ein fagleg relevant måte.
 

Organisering og gjennomføring

I dette undervisningsopplegget er det tenkt at elevane svarer på begge oppgåvene, med rundt 600 ord for kvar oppgåve. Oppgåvene kan ein legge ut digitalt, og alle tekstvedlegga er tilgjengeleg på nett. Skriverammene kan eleven laste ned som word-dokument og arbeide med på eiga maskin, og dei kan samarbeide med medelevar og læraren på ulike plattformar. Elevane kan skrive oppgåva individuelt, eller som ei par- eller gruppeoppgåve.

Om elevane skriv i delte dokument, kan læraren gå inn og kommentere og rettleie undervegs i arbeidet, då gjerne på avtalte tidspunkt i skriveforløpet. Dette kan for eksempel vere etter at eleven har fylt ut skriveramma med stikkord (disposisjon), etter at to-tre avsnitt er på plass, eller når eit førsteutkast er ferdig. Sjekklista med vurderingskriterier kan lastast ned og brukast som del av både forarbeidet og etterarbeidet med teksten. Læraren sitt vurderingsskjema og eleven si sjekkliste heng tett saman, og kan brukast som utgangspunkt for både rettleiinga undervegs, eigenvurdering og digitale vurderingssamtaler, slik at prinsippa for undervegsvurdering er ivaretatt.

 

Oppgåvene

Desse oppgåvene ber elevane om å resonnere og reflektere rundt to ulike tema. Temaet «Medborgarskap og solidaritet» er evig aktuelt, men kan vere særleg relevant i samanheng med koronapandemien og dei etiske og praktiske problemstillingane som reiser seg i krisetider. «Demokrati og medborgarskap» er og eitt av tre tverrfaglege tema som løftast fram i den fornya læreplanen. I omtalen av det tverrfaglege temaet skriv Udir «Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa gir elevene innblikk i andre menneskers livssituasjon og utfordringer. Dette kan bidra til at de utvikler forståelse, toleranse og respekt for andre menneskers synspunkter og perspektiver, og det kan legge grunnlag for konstruktiv samhandling». Denne oppgåva inviterer til at eleven resonnerer og reflekterer på eit meir personleg plan.

Temaet «Språkpolitikk og språknormering» synast kanskje meir tradisjonelt norskfagleg, og her bør eleven sine resonnement vere meir fagleg forankra. Til saman kan desse oppgåvene vise at resonnerande tekstar kan spenne ganske vidt tematisk, at vi kan resonnere og reflektere både fagleg og meir personleg, og at ein kan kombinere faglege resonnement med personlege refleksjonar. Kanskje kan dette vere eit steg på vegen til «djup læring», utforsking og kritisk tenking?
 

Oppgåve 1 – medborgarskap og solidaritet

 

Oppgåve 2 – språkpolitikk og språknormering

 

Kompetansemål frå vg3 

LK06: 

  • orientere seg i store mengder tekst av ulik kompleksitet og velge ut, sammenfatte og vurdere relevant informasjon 
  • lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid 
  • gjøre rede for norsk språkdebatt og språkpolitikk fra år 1900 til i dag

LK20: 

  • orientere seg i faglitteratur, vurdere kilder kritisk og skrive fagartikler som greier ut om og drøfter norskfaglige emner 
  • gjøre rede for endringer i talespråk i Norge i dag og reflektere over sammenhenger mellom språk, kultur og identitet.
     

Vidare bruk og deling

Elevane har no arbeidd med ei mengde tekstvedlegg og sjølv skrive to resonnerande tekstar. Dette kan ein ta vidare til online-diskusjonar både munnleg og skriftleg. Elevane kan for eksempel diskutere temaet språkpolitikk og språknormering i ein padlet, eller dei kan diskutere kva som eigentleg ligg i omgrepa «medborgarskap» og «solidaritet» i eit videomøterom som læraren kan komme innom i løpet av økta. Dei faglege samtalane kan ein oppsummere i eit felles skriftleg dokument, for eksempel i ein powerpoint, der ein kan finne og bruke relevante bilde og talmateriale som supplement. Kanskje kan elevane og bli bedt om å finne og utforske andre tekstar i ulike sjangar, som dei meiner kan passe inn under overskriftene «Språkpolitikk og språknormering» og «Medborgarskap og solidaritet».


Støtte til arbeid med tekstvedlegga 

  • Støtteark til arbeid med tekstvedlegga.
    Nynorsk Word | PDF
    Bokmål Word | PDF
     
  • Skriveramme for resonnerande tekst. 
    Nynorsk Word | PDF
    Bokmål Word | PDF
     
  • Sjekkliste for eleven. 
    Nynorsk Word | PDF
    Bokmål Word | PDF
     
  • Vurderingskriterier for læraren. 
    Nynorsk Word | PDF
    Bokmål Word | PDF
Til toppen