Dikt som inspirasjon til eiga skriving

Kan dikt skrive av vassekte forfattarar inspirere elevane til å skrive dikt om den merkelege tida vi er inne i?

Mange norske forfattarar bruker den merkelege tida vi er inne i som inspirasjon til å skrive tekstar. Stiftinga Nynorsk kultursentrum har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar om å dele sina bidrag under fana «Aleine saman – Korona og kulturen» på nettstaden sin.
 

No e mange aleine, men me er det saman


Ein av bidragsytarane på nettstaden er Ruth Lillegraven, som har skrive diktet «DETTE ER ANDRE DAGAR».

 

DETTE ER ANDRE DAGAR
 

det er færre

fly, båtar og bilar

færre overfylte tog

i india, mindre røyk

frå fabrikkpipene

i kina

 

himmelen stilnar

himmelen klarnar

 

fiskeørna kjem tilbake

dagpåfuglauga faldar ut

vengene for første gong

 

nokon har meir tid

mange har mindre tid

alle har anna tid

 

folk ligg i hi, høyrer om

basale reproduksjonstal

molekylær immunologi

kriselover, konkursar

 

overalt ser dei teikningar

av den taggete kula som

har heimsøkt landet

og kloden

 

me lagar mat

og vaskar opp

prøver å jobbe

lærer bort ting

me ikkje kan

 

for slik

lyder statens ord

 

ikkje dra på hytta

jobben eller puben

ta instruksar ta ansvar

halde avstand halde fred

 

og me innstiller omstiller

tilpassar oss, slik ingen

skulle tru at nokon

nordmenn kunne

gjere

 

me vaskar hender til

dei tørkar opp og sprekk

me trøystar og trygger 

kranglar og klagar

 

me lengtar etter

ein dag igjen å vere

mange og seine på fest

å stå ved ein kjøkkenbenk

varme og yre, klirre glas

og kysse kinn

 

og så er det dei andre

dei som ikkje kan bli i hi

dei som ikkje kan lengte

dei tek farvel med familien

flyttar ned i kjellaren med

hybelkomfyr under armen

må ut i krigen for å møte

det som trugar med

å sprengje alle

rammer

 

det som

kanskje starta med at

mennesket rota seg inn

i habitatet til flaggermusa

 

som no svevar mellom oss

frå land til land, stengjer

frisøren i marseille

kaffibaren i beirut

rorbua i lofoten

 

og medan folk fryktar

for foreldre finansar framtid

medan tala på smitta innlagde

permitterte stadig aukar, medan

himmelen og vatnet klarnar, og

me går åleine i skog og ved sjø

høyrer me kviskringa

 

det store treet

krokete og knudrete

 

grunnen under trøtt og tørr

legg du øyret mot han

kan du høyre eit sukk

der inne

 

men grunnen finst

 

og treet

menneskeætta

finst

 

det står med røtene

djupt nede i bakken

 

blada heng

i sterke små stilkar

dei blafrar og snur seg

vender nervetrådane

mot kvarandre

 

og så høyrer dei orda

 

dei som blir kviskra frå

trestamma og frå grunnen

 

du er berre eit lite blad

eit lite blad på

det store treet



For elevane er det ei spesielle tid med heimeskule, mangel på treningstilbod og isolasjon frå vener. Det å vere så tett på eigen familie kan òg vere utfordrande for mange. Å lese tekstar andre har skrive om denne spesielle situasjonen og sjølv få skrive liknande tekstar, kan vere ein fin måte å både få aksept for – og uttrykkje kjenslene sine på. Det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmestring handlar i norskfaget om at elevane skal få moglegheit til å uttrykke eigne kjensler, tankar og erfaringar, og der lesing av skjønnlitteratur kan bidra til både å bekrefte og utfordre elevane sitt sjølvbilete. I denne samanhengen meiner vi at arbeid med diktet til Ruth Lillegraven kan danne  eit godt utgangspunkt.

Det finst sjølvsagt mange måtar å arbeide med diktet til Lillegraven på. Elevane kan til dømes utforske diktet saman med grupper av medelevar i digitale rom, og diktet kan vere ein fin inspirasjon når elevane skal skrive eigne «Dette er andre dagar»-dikt. 

Under har vi lista opp nokre spørsmål som elevane først kan utforske på eiga hand, til dømes ved hjelp av tenkeskriving, før dei diskuterer med andre elevar i det digitale rommet.    
       

Døme på spørsmål

  • Kva legg du særleg merke til når du les diktet?
  • Kva meiner du at diktet handlar om?
  • Er det nokre av strofene du kjenner deg meir att i enn andre? Kvifor gjer du det?
  • Kva saknar du mest frå tida før koronakrisa? Kva er det du lengtar tilbake til?
  • Kva for rolle speler treet i diktet, og kva trur du forfattaren meiner med den siste strofa:
     

du er berre eit lite blad

eit lite blad på

det store treet
 

  • Finn du nokre kontrastar i diktet? Kva for rolle speler kontrastane i diktet, synest du?
  • Kvifor trur du at forfattaren har vald den forma på diktet som ho har gjort? Kva for rolle speler forma i diktet, synest du? Finn du nokon samanheng mellom forma og innhaldet i diktet?
  • Eit spørsmål som kan stillast for å øve opp elevane sitt medvit om eiga læring i etterkant av dei litterære gruppesamtalene er: Fekk du ei anna eller utvida forståinga for diktet etter at de snakka om diktet i gruppa?


 

Døme på individuelt skriveoppdrag

La deg inspirere av diktet «DETTE ER ANDRE DAGAR» av Ruth Lillegraven, og skriv ditt eige «Dette er andre dagar»-dikt. 

Før elevane begynner å skrive, kan du som lærar legge til rette for at elevane kan dele tips til kva dikta kan innehalde. Ein moglegheit er å spele på kontrasten kva er forandra og kva er som før. Her kan elevane fylle ut eit skjema kvar for seg, før dei møtest i det digitale rommet og utvekslar idear. 

Kva er forandra? Kva er som før?
   
   
   

Etter at elevane er ferdige med å skrive dikt, kan dikta lesast inn og leverast som ei lydfil eller delast med medelevane i det digitale rommet. 

 


Her kan du høyre forfattaren sjølv lese diktet:

 

 


Kompetansemål

Arbeidsgangen som er skissert i denne ressursen kan knytast til følgjande kompetansemål i den nye læreplanen (LK20): 

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler
  • sammenligne og tolkeromaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid
  • uttrykke seg i ulike sjangre og eksperimentere med sjangre på kreative måter
  • lage sammensatte tekster og begrunne valg av uttrykksformer


Referanser

Teksten «DETTE ER ANDRE DAGAR» er tinga av Nynorsk kultursentrum og prosjektet: Aleine saman. Kultur i koronatida. Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ein kulturinstitusjon som gjennom kulturformidling og kunnskapsutvikling arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt.

Portrettfoto: Agnete Brun.
Bilde av tre: sherifx, CC 2.0
 

Til toppen