Arbeid med biletbok på nynorsk

Undervisningsopplegget skisserer korleis elevane på mellomtrinnet kan arbeide med nynorsk på ein motiverande måte


 

Elevane skal både lese ulike typar tekstar og eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemålet. Å bruke den multimodale biletboka vil vere  hensiktsmessig til dette formålet. Biletboka inviterer inn i eit univers der ulike visuelle verkemiddel og ein relativt kort tekst formidlar bodskapen.


Ei beskriving av opplegget                       

Læraren les eit utval biletbøker for klassen. I samtalen i etterkant lyftar ho fram korleis tekst og bilete speler på lag og på kva måte forfattarane av biletboka lèt visuelle- og litterære verkemiddel streke under handlinga i boka. «Snill» av Gro Dahle viser gjentak og kontrastar, «Sinna mann» illustrerer farge- og kontrastbruk, mens «Bukkene Bruse på badeland» presenterer enkle teikningar gjennom ein morosam «utklippsteknikk». Deretter får elevane ei paroppgåve der dei skal lese ei biletbok og formidle tolkinga si for klassen med særleg fokus på verkemidla dei nettopp har lært.

        
 

Det er fleire formål med denne skriveoppgåva. Elevane skal lære om og syne fram kunnskap om ulike verkemiddel, og dei skal eksperimentere med skriving på sidemålet der dei gjer bruk av desse verkemidla. Boka elevane skriv skal dei lese opp for fadderelevane på fyrste trinn. Å leggje til rette for skrivesituasjonar med reelle mottakarar er viktig for å motivere elevane til å revidere og sluttføre teksten sin.


 

Biletboka skal samskrivast i par, og for å komme i gang med skrivinga er det hensiktsmessig med ein modelltekst. I dette opplegget legg modellteksten også rammer for skrivinga. Biletboka «Bø og Bæ til sjøs» har ei enkel oppbygging og legg rammene for kvart oppslag; første oppslag skal gi ein presentasjon av hovudpersonane, oppslag to presenterer kor hovudpersonane skal, det tredje illustrerer korleis turen går, det fjerde oppslaget presenterer konflikten, det femte syner kva dei gjer mens dei ventar på at konflikten blir løyst, i oppslag seks blir konflikten løyst og til sjuande og sist blir boka avslutta.


 

Å lage ei biletbok inneber å ta mange val. Kva skal bileta fortelje og kva skal stå i teksten? Før para tar fatt på sjølve boka gir lærar og medelevar tilbakemeldingar på skissene som er utarbeidd i samskrivinga. Med bruk av responsmetoden linjerespons får alle elevane munnleg fellesrespons. Her har læraren ein fin moglegheit for å lyfte fram dei gode oppslaga for klassen.

I skrivefasen blir modellteksten brukt aktivt, likså vurderingskriteria som har blitt utarbeidd i fellesskap. Læraren er heile tida tett på skriveprosessen og modellerer mellom anna bruk av bokmål-nynorskordlista på Internett og søk-erstatt-funksjonen i Word.


 

For å ferdigstille teksten og gi han ei god grafisk utforming, kan ein opprette eit redaksjonsråd i klasserommet med læraren som øvste sjef. Her blir formalfeil retta opp før bøkene går til trykking, laminering og innbinding. Slik gir ein alle elevar moglegheit til å presentere eit feilfritt produkt dei kan vere stolte av.

Som ein siste finpuss før dei skal arrangere lesestunda for fadderelevane sine på fyrste trinn, legg elevane fram biletbøkene for kvarandre og gir tilbakemeldingar ut i frå kriteria dei utarbeidde på førehand.


Forslag til modelltekstar:

  • Dahle, Gro og Nyhus, Svein (2002). Snill. Oslo: Cappelen.
  • Dahle, Gro og Nyhus, Svein (2009). Sinna Mann. Oslo: Cappelen Damm.
  • Rørvik, Bjørn F og Moursund, Gry (2009). Bukkene Bruse på Badeland. Oslo: Cappelen Damm.
  • Landstrôm, Olof. (1997). Bø og Bæ til sjøs. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Nynorsksenteret har mange ressursar som viser korleis ein kan arbeide med nynorsk på barnetrinnet.
Til toppen