Nasjonale prøver i skriving på 5. og 8. årstrinn vart gjennomført for første (og til no siste) gong i 2005. Prøvene møtte ein del kritikk, og Kunnskapsdepartementet har no gjort vedtak om at ein skal gjennomføre eit mindre omfattande opplegg med utvalsprøver (der ikkje alle skolane i landet deltek) i 2012.
Skrivesenteret inngjekk i desember 2009 ein avtale med Utdanningsdirektoratet om å utvikle oppgåver, vurderingsskala og gjennomføringsdesign for utprøving av slike prøver. Dessutan skal senteret gjennomføre utprøvinga av prøvene. ILS ved UiO deltek med vurdering av validiteten og reliabiliteten til prøvene.
Utvalsprøveprosjektet blir leia av professor Lars S. Evensen (NTNU/Skrivesenteret). Pilotering skjer i 2010, og første gjennomføringa blir i 2012.
I utviklinga av prøvene blir det lagt stor vekt på å ha god kontakt med praksisfeltet. Eit vurderingspanel av lærarar med god geografisk spreiing og med variert røynsle frå barne- og ungdomstrinnet er etablert, og møttest første gongen til skolering i mai 2010.
Intern diskusjonsside (passordbeskyttet).

Eng