Loading
Løftar skriveopplæringa på mellomtrinnet

Løftar skriveopplæringa på mellomtrinnet

Løftar skriveopplæringa på mellomtrinnet

- Vi har lykkast så godt med rettleidd skriving og lesing på småtrinnet. Nå er det mellomtrinnet sin tur. Vi må sikre at elevane også her opplever at dei blir betre skrivarar og lesarar.

Det fortel Grethe Klæboe, som er prosjektleiar for det toårige prosjektet mellom Charlottenlund barneskole og Skrivesenteret. Arbeidet er heilt i startgropa og skolen nytta dagane før skolestart som eit kick off for prosjektet. Her fikk alle lærarane på mellomtrinnet heva kompetanse i lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit i alle fag.

Utvikle felles praksis for lesing og skriving
- Vi ønsker å lage planar for kvart enkelt trinn som blir satt i system. Slik unngår vi ei tilfeldig lese- og skriveopplæring som er avhengig av læraren du har. Det blir spanande å stake ut kursen saman med lærarane på mellomtrinnet. For her er samarbeid på tvers av fag og trinn ein viktig nøkkel for å lykkast. Derfor blir ikkje dette noko som kjem i tillegg til, men noko som kjem i staden for, og skal vere ein integrert del av vår praksis, fortel rektor Gunn Langset Trøan.

Ta ut potensialet til eleven
Rektoren rosar lærarane på mellomtrinnet. – Dei har alle sett effekten av det vi har fått til med begynneropplæringa. Nå skriv førsteklassingane våre særemne  på våren. Det kom derfor som eit krav tilbake om at «no vil vi òg». Lærarane ønsker å kunne møte desse elevane og løfte dei vidare.  Heile kollegiet er motiverte for å lære meir om korleis vi kan få elevane på mellomtrinnet til å bli enda betre lesarar og skrivarar. Vi har allereie mykje god intern kompetanse, men gler oss over å ha fått Skrivesenteret med på laget.

Skriveglede som motivasjon
Dessutan er det viktig for oss at vi klarer å oppretthalde lese- og skrivegleda gjennom heile mellomtrinnet. Alle veit kor glad og stolt ein førsteklassing er når ho knekker lesekoden og meistrar å skrive sjølv. Denne gleda og iveren må vi ta godt vare på, seier lærar Grethe Viken Moksnes, som sjølv har vore tre veker i USA i sommer på kurs med Minnesota Writing Project.

Samlar verdifull erfaring
- I dag har vi eit fråfall frå vidaregåande opplæring som er alt for stort, og mange elevar slit med lesing og skriving allereie på ungdomsskolen.  Det som viser seg er at mange av desse elevane har ramla av nettopp på mellomtrinnet. Dei har ikkje klart å utvikle seg vidare derifrå, men stoppa opp. Dette har dessverre skapt store utfordringar for skolegangen deira. Derfor er det så viktig at Charlottenlund barneskole fokuserer på utvikling av lese- og skriveferdigheiter på mellomtrinnet. Dette prosjektet vil gje oss verdifull erfaring som vil kome resten av Skole-Noreg til gode på sikt, seier Arne Johannes Aasen, leiar på Skrivesenteret.

På BILETE er prosjektgruppa samla. Frå høgre: Prosjektleiar Grethe Klæboe, rektor Gunn Langset Trøan, Marius JusnesRagnhild Solenes og Grethe Viken Moksnes.

Tekst og foto: Åse Hestvik Larsen