Skrivekompetente lærere og skriveglade elever |
Jåren-Råbygda oppvekstsenter ligg i Skaun kommune med flott natur rundt på alle kantar. Oppvekstsenteret har barnehage, SFO og skule med til saman 55 barn.
Skulen er i dag den einaste nynorskskulen i trøndelagsfylka. Skulen har tradisjonelt vore oppteken av språk, og det at barna skal få uttrykkje seg naturleg både munnleg og skriftleg med rot i det lokale talemålet sitt. Skulen ønskjer at elevane kan utvikle ei glede ved å prøve ut - og leike med språket. Som oppvekstsenter er dei spesielt merksame på skriveopplæringa i overgangen mellom barnehage og 1. årstrinn.
Skulen inngjekk hausten 2010 eit samarbeid med Skrivesenteret om eit tre-årig pilotprosjekt for å heve kompetansen på skriveopplæringa blant lærarane.
Skulen uttrykkjer ønsket for samarbeidet slik: “Gjennom dette satsingsområdet ønskjer vi at elevane våre får kunnskap om, og erfaring med, ulike teksttypar i meiningsfylte skrivesituasjonar. Slik ønskjer vi å hjelpe elevane til å strekke seg i forhold til eige utviklingspotensiale. Skriving får på det viset ein sentral plass i både barnehage, skule og heim. Vi ønskjer å lære av kvarandre ved å dele gode idéar og undervisningsopplegg med lærarar frå andre skular i landet.”
Saman har Skrivesenteret og skulen formulert desse måla for prosjektet:
Skrivesenteret har delteke på samlingar og fellestid for lærarane på Jåren-Råbygda skule. Tema som har vorte drøfta har vore meiningsfylte skrivesituasjonar, prinsipp for god skriveopplæring, tidleg innsats, rettleidd skriving og argumenterande skriving. Skrivesenteret har også observert skriveopplæringa på skulen. Desse observasjonane syner at lærarane har teke i bruk mykje av det som har vore tema i drøftingane på fellestid. Her fekk vi sjå fleire spennande skriveprosjekt med meiningsfylte skrivesituasjonar. Lærarane har vore spesielt flinke til å gje elevane gode og tydelege rammer for skrivinga (referat frå undervisningsopplegga).
Skrivesenteret ønskjer å utvikle ein modell for korleis vi kan arbeide med eit lærarkollegium for å heve skrivekompetansen deira på bakgrunn av erfaringane frå dette prosjektet. Erfaringane frå dette prosjektet (undervisningsopplegg og andre observasjonar frå praksis) vil leggjast ut som ressursar på heimesida vår.
Sist oppdatert: Apr 11, 2012