Loading
Dialogar om tekst : praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget

Dialogar om tekst : praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget

Dialogar om tekst : praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget

«Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget» er ei praktisk orientert metodebok for lærarar. Boka er fagdidaktisk og praksisnær med mange gode eksempler frå klasseromma.

Boka bygjer på det synet at den gode dialogen mellom lærar og elev om eleven sin tekst fremjer læring hos eleven. Difor er det viktig å organisera undervisninga slik at dialogen om tekst inngår i sjølve arbeidsmetoden. Læraren må leggje til rette for at samtalar om elevane sine tekstproduksjon og skriveutvikling skal finne stad dagleg. Analysen av ulike dialoger i boka kan seie noko om læringspotensialet i dei, medan den praktiske delen viser organiseringa av ulike undervisningssekvensar som innbyr til dialog.

Den siste delen av boka har difor eit meir praktisk-pedagogisk siktemål. Her vert det skissert fire ulike måtar å iscenesetja undervisninga på, som gir rom for samtalar om eleven sin skrivne tekst. Desse undervisningskontekstane er: Tekstskaping og skriving på datamaskin på 1. trinn, Forlag som metode på 3. trinn, Skriving i avissjangrar på 7. trinn og Bruk av elektroniske kommentarar på 8. trinn.

Boka rettar seg primært mot norsklærarar i grunnskulen.

Omtale er hentet fra universitetsforlagets nettsider.