Om Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking |
Det overordna målet til Skrivesenteret er å styrkje skrivekompetansen hos barn, unge og vaksne. Senteret skal ha ein tverrfagleg karakter og arbeide med skriving som grunnleggjande ferdigheit i ulike fag og på ulike opplæringsnivå.
Skriving er ein nøkkelkompetanse i dagens kunnskapssamfunn:
Kunnskapsløftet pålegg lærarar å arbeide med skriving som grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Samstundes er skriving som fenomen i sterk endring (med nye medier, IKT, multimodale tekstar). Det er stort behov for meir kunnskap på feltet, og det er stort behov for å omsetje denne kunnskapen til god praksis.
Arbeidet ved senteret skal vere forskingsbasert. Det inneber at vi må halde oss oppdaterte på andre si forsking og drive forskingsarbeid sjølve.
Nettet vil bli ein svært viktig arena for det utoverretta arbeidet vårt. På www.skrivesenteret.no vil vi leggje ut informasjon om aktivitetar ved senteret, konferansar, aktuell litteratur, forskingsresultat m.m. Skrivesenteret arbeider også med å utvikle og samle gratis ressursar og støttemateriell for lærarar til bruk i skriveopplæringa. Vidare vil vi arrangere konferansar, etablere skriftserie, byggje opp regionale kompetansegrupper – for å nemne noko.
Vi håpar på nær kontakt med dykk som vi skal vere til for. Vi ser gjerne at de skriv eller ringer til oss med spørsmål, synspunkt og idéar.
Sist oppdatert: Apr 11, 2012